Bakgrunn

Vi veit at i "gamle dagar" hadde folket i bygdene namn på mest alle små plassar, område, åkrar og teigar. Det fanst knapt nok ein åkerlapp eller skogteig som ikkje alle i bygda visste namnet på og visste kvar det var. Ein kunne då seie frå at kua dei leitte etter, gjekk på fremste rabben på Olende-slettet (eller var det Ola-Endre-slettet?) Kanskje er det siste rett sidan slettet ikkje var olendt!

 

I dag står vi vel berre og måpar om vi høyrer ein slik rettleiing om kvar vi skal gå for å hente heim kua.

 

Kulturarv

Vi kan nytte anledninga til å kome i samtale med kloke, eldre folk som framleis har mykje kunnskap om desse namna. Men det gjer seg ikkje av seg sjølv og det er ingen som har teke opp tråden til slik stadnamneregistrering.

 

Eg ville gjere eit forsøk

Eg har snakka med Jon Stennes som veit det meste om namna i fjellområdet rundt Stenes og i fjellsida mellom Stålbergneset i vest og Norang i aust - på sørsida av Norangsfjorden. Eg tok ein ettermiddag i sommar eit par foto frå Grøtet på Urke, tvers over fjorden mot Stålberghornet.

 

Stålberghorn vest

 

Stålberghornet er stort og må delast i minst tre delar for å rekke frå ende til annan. Her er vestre del av massivet.

 

Så sende eg bileta til Jon og spurde om han ville gjere ein innsats med å sette på nummer (med kvit tusj) på alle plassane han visste namn på. Det gjekk berre nokre veker før han returnerte både talsett foto og liste over namna og forklaring av namnet ut frå det han visse og hadde høyrt av sine informantar.

 

Eg brukte eit enkelt, gratis biletbehandlingsprogram på datamaskina og sette inn tala på kartet. Så skreiv eg opp Jon sine namn og forklaringar i tabellformat. Og dermed ser eg at det er fullt mulig å få til noko som kan kome etterslekta til gode. Her er noko av resultatet:

 

Stålberghorn midt - Kopi

 

Her er tala 15 - 41 på plass på eit utsnitt av midtpartiet av fjellet.

 

Det skal nok litt grep til for å sette saman delane av fotoa til eit samanhengande. Gode råd tek eg mot med takk! Vidvinkelfoto har eg prøvd, men fjellet fekk feil proporsjopnar i høve det augo oppfattar.

 

Namnelista m/kommentar

ut frå det Jon Stennes har notert, ser slik ut:

 

skann0003

skann0004


Etter kvar vil nok denne lista bli komplettert...

 

FOTODUGNAD?

 

Kva viss vi tok for oss bygd for bygd og gjorde dei grepa eg her omtalar? I første omgang tenkjer eg å gjere ferdig Stålberghornet frå aust mot vest. Deretter vil eg satse på Leknes-stranda mellom Trandal og Leknes. Tredje etappe vert frå Leknes og framover Urkedalen til Smådalstindane / Nordkopen.

Dersom nokon tek tak i andre bygder, kunne ein berga lokalnamna frå å bli borte for godt. Ørstingen Asbjørn Øy gjorde ei registrering for minst eit halvt hundre år sidan, men den skal finnast berre i manuskriptform og eg veit ikkje kvar den finst.

Jac Skylstad har skrive eit hefte på sine eldre dagar som han kalla Norangdal og Urke. Han reknar opp mange lokalnamn som ein må vurdere å innarbeide i registreringa.

 

Publisering

Eg kan tenkje meg å få produsert eit langt lerretsbilete av Stålberghornet med talkodene på fotoet og namnelista under eller på endane. Kanskje noko til kaihusillustrasjon neste haust?

Kanskje "Møre-Nytt" kan formidle dette stoffet på øvste del av midtsidene - når heile fjellpartiet er sett saman og lasta inn på eit foto - eller ei fil?