Vi treng folk på desse rodene:

Sæbø sentrum 2 stk

Rekkedal, byggefeltet og Bureisarvegen. 2 stk

Hustadneset til og med Kvistad. 2 stk

Ring meg på 95906493, dersom du kan gå.

Pengane går til Nasjonalforeningen for folkehelsen, dei arbeider for å betre forholda for dei som vert ramma av ein demenssjukdom.

70000 menneske i Norge har ein demenssjukdom, rundt 10000 får diagnosa kvart år, mange får aldri ei diagnose eller den behandling dei og deira pårørande treng.

Nasjonalforeninga skal gi pengar til: 

Forskning, midlar til tiltak, støtte og informasjon til personane og deira pårørande, og ikkje minst utøve politisk press for å styrke satsinga på behandling og hjelp til dei som vert ramma av denne sjukdommen.

Ann Helene og eg reiser rundt og informerer om korleis vi kan gjere kvardagen, til dei som har ein demenssjukdom, betre med enkle miljøtiltak.

002

Tirsdag var vi på Stranda omsorgsenter og torsdag var vi i Søvika.

003

Flinke damer frå helselaga i Søvika, fire helselag samarbeidde om denne kvelden med god mat , flott musikk frå ein lokal ungdom frå Brattvågen, og vi med vårt opplegg.

Kjekk kveld med mykje folk.

I alt har vi vore på ca 16 ulike stadar å informert om korleis ein med enkle miljøtiltak kan gjere kvardagen betre for personar med ein demenssjukdom.

Støtt eit tiltak som svært mange vil nyte godt av i tida framover

Støtt TV-aksjonen 20 oktober.