Klokka 17 tysdag var politiet på plass med to uniformerte bilar, og det var klart for transport av ein tung lass frå Sæbøkaia, ein stor transformator. Dette er den tyngste transporten som nokon gong er frakta på landjorda i Ørsta. Den vart teken  iland på Sæbøkaia og  frakta frå Sæbø til Hovdenakken nær skisenteret på Bondalseidet. Men dette er ikkje den største trafoen, for det kjem ei ny sending i desember som er 100 tonn tyngre og 10 meter lengre.  Då vert det spørsmål om privathagen i Slettedalshjørne må nyttast i svingen?

01-Spesialfartøy-for-transport-av-trafo

Spesialskipet Elektron II opnar heile baugen og legg ut landgangen.

Det var ein spesialbygde båt for slike transportar som kom med den store transformatoren frå firma Simens i Nederland til Hjørundfjorden.

02-Transformator-transport-på-kai-på-Sæbø

Ein stor kraftkar av ei bil på 48 tonn var trekkvogn for vogntoget. Ein tilsvarande bil skubba bak.

Transporten på landjorda var på 62 meter lang, fordelt på to semitrailervogner med sving på alle hjul og to bilar. Ein drog og den andre skubba. Totalt vog heile vogntoget 310 tonn. Sjølve transformatoren vog snart 128 tonn og hadde mål 910 x 344 x 413 cm. Kvar av bilane vog 48 tonn og hadde 600 HK motorar og heile køyretøyet hadde tilsaman 104 hjul som fordelte den enorme tyngda på vegen.

03-Transport-310-tonn-på-104-hjul

80 hjul på trailervognene fordelte trykket av den tunge lasten på vegen. Mellom vognene heng den grå transformatoren.

Dette er  ein del av sjølve hjartet i denne transformatorstasjonen som skal vere i Hovdenakken, like ved Bondalseidet skisenter i Ørsta. Trafoen er på 300KVA og er  ein viktig del til den nye 420 kV kraftlinja som tidlegare er døypte til monsterlinja og går mellom Ørskog og Fardal i Sogn, med 6,5 cm tjukke straumtrådar.

Transporten gjekk utan problem gjennom Sæbø sentrum og med full politiekskorte gjekk turen greit fram gjennom Bondalen.

04-Transporten-forbi-Slettdalshjørna

Mykje folk hadde møtt opp og det var stor spenning om det 62 meter lange vogntoget greidde svingen rundt Slettdalshjørnet.

05-Transporten-klar-for-Bondalseidet

Alt gjekk som planlagt og Slettedalshjørnet kom skadeslaust frå det denne gongen, men i desember kjem ein endå større last og då spørs det om plenen til Slettedal og verandaen på butikken går klar. Ørsta kan ikkje ta imot lasten for Høgebrua er for smal.