Yr, lovar bra ver no til helga, og det er so pass seint på året at det kan fort verte vanskeleg å få gjort noko seinare. Det hadde vore fint om me fekk med so pass mange at fjøsen vart tett før vinteren.

Slike fjøsar var enkelt bygde, so det er ikkje snak om noko "finsnikkering". Det er som på dei to veggene som vart oppsette på forrige dugnad, at me lyt få på plass lit stein som ein enkel mur og so spikre på bordkledning.

Der er ein liten gjødselkjellar under ein del av fjøsen. Her er det fleire tiår- gamal gjødsel som er heilt kompostert (sikkert fin blomstermold). Tek ein med eit par krafser og spadar, kan ein spa molda opp i ei traktorskuffe, og fjerna henne.

De kan ta med reiskap, som hamar, sag, kubein, spett o.l.

Ei matykt må til, so ta gjerne med litt mat og drikke.

Vel møtt laurdag den 2. november, kl. 10.00.