Dette er andre del av triologien Då hytta til Trefot-Jo kom opp. I førre del, som fekk namnet Då hytta til Trefot-Jo nesten kom opp, kunne du lese om steinarbeidarar som vart distraherte av dei fabelaktige omgjevnadene i og rundt Saudedalen. I denne delen, Mannen og steinen, får du lese om den andre turen til Trefot-Jo sitt rike og ikkje minst: om den lange og harde kampen mellom ein mann og ein stein.

Sist lovde steinarbeidarane at prosjektet skulle sluttførast i dei tider tela gjekk ut av jorda, når laksen hoppa ved osen eller før sauene skulle ned frå beite. Det første som må seiast, er at rammene for slike syslar har endra seg hærleg og drastisk; Seinhaustes vart Jenny Bergmann Riise fødd, då tela gjekk ut av jorda kom Jakop Aklestad og då dei laksane som framleis veit kvar Bondalselva renn ut hadde hoppa i osen ein månads tid, kom Inga Dale Frøland. Med det vart fjellfridomen til 75 prosent av dugnadsgjengen kraftig redusert, og i tillegg var fjellfridomen til dei restrerande 25 prosenta redusert frå før.

Dette inneber at vi Ikkje lenger kan vakne om morgonen, sjå at sola skin, slenge sekken på ryggen og skreppa på nakken og klive til fjells. Det må likevel presiserast at motivasjonen har vore på topp heile vegen, og vi har fått mange førespurdnadar frå ivrige sjeler som vil hjelpe til. Men å finne ei helg alle kan, er ei anna sak. Likevel, siste offisielle somardag fekk vi organisert eit arbeidslag på tre. Som Hobbitar på eventyr, la vi i veg, med godt mot og klare forventningar om opplevingar og hardt arbeid.

Oddvar skyssa oss inn fjorden og sette oss trygt i land utanfor Lisjeskåradalen. Lendet her kan kort skildrast som bratt og glatt, og slik held det fram til ein kjem opp på sjølve nakkane. Herifrå og opp er terrenget mindre bratt og glatt og meir myrlendt og vått, men med Ofargylet på eine sida og Lisjeskåradalen på andre, har utsikta høg wow-faktor. Oppstiginga var både tidkrevjande og utmattande og vi måtte byte på å bere den tyngste sekken. Den inneheldt nemlig noko tungt. Langt om lenge og lengre en langt, som ein seier i eventyra, kom vi likevel til Selhaugen som ligg øvst på Lisjeskåradalsnakkane. Trefot-Jo sitt rike.

IMGP9118 (Medium)

Om omveltningane hjå steinarbeidarane var store, var det som om tida i Saudedalen hadde stått stille. Lite vitna om at det var gått eit år sidan sist vi var her, og utanom at fjellbjørka kliv jamt høgare, er det vel lite som har endra seg sidan Trefot-Jo gjætte her for rundt 150 år sidan. Her er framleis lite som blinkar, ingen lysureining så ein får fritt innsyn i universet. Ikkje eit Amfi-senter i sikte, ingen appar, likes eller snapchattar, mailar, gode tilbod, dårlege tilbod, ingen requestar, ingenting å attende, ingen 3G, og tidsfristane fyljer sola. I mørkret kan ein rett nok sjå Urke som glitrar på austsida av fjorden som ein klase diamantar nokon har slengt tilfeldig frå seg, og på himmelen dei  ørsmå lysa som av ein eller annan grunn får oss til å tenke djupt og føle oss mikroskopiske. Saudedalen er urban som ei klyftaskåre. Det er forresten godt at det finst slike stadar.

IMGP9083 (Medium)

I fjor trefte Jørund ein urokkeleg stein innanfor hyttemurane, og denne irriterte han voldsomt. Eit lite troll av ein stein som tok opp mykje av eit allereie for lite inneareal. Det stod då eit hardt slag mellom mann og stein. Steinen rikka seg ikkje og vann første omgong. Sidan då har kampen berre gått føre seg som ein kald krig i det mentale. Men medan steinen gjekk for same taktikk som i fjor, hadde mannen budd seg til strid, mellom anna var eit masseøydeleggingsvåpen med på turen. Dette masseøydeleggingsvåpenet var eit monstrum av ei fjellbåremaskin på rundt 25 kilo som allereie hadde vist si øydeleggande kraft på steinarbeidarane på vegen frå fjorden og opp til nakkane, men maskina skulle med, og med det hang både den heilage stilla i Saudedalen og den store steinen i ein tynn tråd.

I motsetnad til i fjor var vêret ikkje løfterikt, men lunefullt. Likevel stod naturopplevingane som vanleg i kø her oppe. Denne gongen fekk vi oppleve kaos-meteorologi på sitt beste. I løpet av usansynlig kort tid veksla vêret stokastisk mellom kuling, hagl og regn, før det brått blei røyskattstille og sol frå omlag skyfri himmel. Om natta kom nokre alvorlege vindrykk. Vi låg då bakanfor Selhaugen, på nordenden, like ved den brutale øvstedelen av Ofargylet. Meir enn ein gong bråvåkna eg av Spinoza-vêret, og av at vinden trykte teltet ned i andletet på oss. Sjølv om vinden sikkert berre testa nervane våre litt og det eigentleg ikkje var noko reell fare for take-off, såg eg for meg flygeturen utfor Ofargylet og ned i Hjørundfjorden, svart, tung, nesten tretten hundre alen nedunder.


IMGP9112 (Medium)

Vi overlevde natta med glans, og fekk ein god arbeidsdag derpå. Jørund vann kampen mot steinen og vart løna med to gode stabile steinar som no har fått plass i grunnmuren (som faktisk byrjar å likne på ein grunnmur). 

IMGP9109 (Medium)

Ferdige vart vi ikkje denne gongen heller. Men enda går det sauer i fjella, og håpet om å halde lovnaden frå i fjor lev difor framleis.

Fotograf på bileta er Knut Skomedal. Han skal forresten ha stor takk for at han vart med.