Dugnad!

Ellingsgardfjøsen i Kvistaddalen er nesten komen i orden.

Vinteren nermar seg med stormskritt, og det står att å spikre på bordkledning mellom anna.

Dersom du kan sette av litt tid på Laurdag, ta med hammar og kom inn til gardfjøsen kl 10.00.

IMGP3901_1

Kulturvernlaget rydda fjøsen i 2012 og leigde inn folk til å setje i stand grinda som no er klar til bordkledning. Bordkledninga er skòra og ligg klar for å spikrast på.

Har du ein oppladdbar drill med boresett og eller ei sag, kan du gjerne ta med det.

Kvar tek med seg mat og kaffi so tek vi ei felles matykt.

Ein treng ikkje ha store snikkarkunnskapar for å vere med, der vert folk som kan fortelje korleis og kva som skal gjerast.

Vi vonar at fleire har tid og vilje til å vere med å ta eit tak.

Denne gardfjøsen har kulturvernlaget, i lag med eigarane tenkt skulle verte eit informasjonssenter for Kvistaddalen.

Ellingsgardfjøsen kan då verte ein stad der både lokale folk og turistar kan finne kunnskap og informasjon om setring, natur og fjell og andre kulturhistoriske opplysningar i dalen.

Vel møtt kl 10.00, laurdag den 19 oktober.

Helsing kulturvernlaget.