Det skal ikkje vere snorklipping for utsikta, men den nye, vakre og tenelege kaia skal offisielt opnast i morgon, fredag den 18. oktober klokka 1200. Foto: Knut Hustad |
Det er Møre og Romsdal fylkeskommune saman med Statens Vegvesen som inviterer til opninga av den no ferdige kai. Og festarrangørane er ikkje snaue; dei lovar både kake, bollar og brus til dei som kjem. Ei overrasking til alle born som møter, vert det også.
Og dette kjem i tillegg:
- Orientering om prosjektet frå Statens vegvesen
- Leiar for samferdsleutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune, Oddbjørn Vatne, talar
- Helsing frå Ørsta kommune
- Representant frå Ivar Aasen-tunet fortel om samferdsle på Ivar Aasen sine reiser
- Underhaldning
Og litt meir fakta om kaia:
Statens vegvesen har bygd ny ferjekai på Sæbø og rusta opp landarealet på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Arbeidet med ferjekaia er utført av Implenia AS, og er ei 58 meter lang tilleggskai (betong) og 9x18m ferjekaibru i stål. Ho vart ferdig i april -2013. Hole Maskiner AS har rive den gamle ferjekaia, bygd ny natursteinsmur mot sjøen og nye oppstillingsplassar for bilar som venter på ferja. I tillegg er det bygd eit tredekke mot sjøen. Dette er skilt frå oppstillingsarealet med ein mur i naturstein. Landarealet vart ferdig i september i år.
I dag vart den siste handa lagt på verket:
Siste asfalten vart lagd i dag, torsdag. Foto: Knut Hustad |
Vi har fått ei vakker kai med ein sjønær gangveg. Foto: Statens Vegvesen |
Vi må møte opp så mange som vi kan. Det er den beste måte å syne at vi set stor pris på å endeleg få ei ny ferjekai.
Kommentarar