Vi har lett for å gløyme vinteren i fjor.

Avisene var velfylte av botnfrosne reportasjar om pottetette rørledingar og vasskøyring til det leid langt fram mot sommarleite. Eigarane av rørleggarfirma kosa seg, medan lærlingane vart sendt ut til å ta seg av tinejobbane i kjellarar og i steinfyllingane utanfor murane.

 

Tining av vassrør

 

Det er ikkje slik vi vil ha det neste vinter! Her er ein rørleggar i full sving med å løyse problema i kjellaren - utan å nemne stad eller namn.

 

Løysinga

Det er ikkje anna råd enn å syte for at dette ikkje skal gjenta seg komande vinter og gjere dei nødvendige førebuingar i god tid før frosten kjem.

 

Og berre minne om

at vi ikkje bur i Syden. Vassverksjefane har det enklare der og kan sikkert leve godt med slike Reodor Felgen-løysingar som du ser her:

 

Kreta-vassverk

 

Kreta-vassverk

 

Påminninga går altså til vassverk- og huseigarar om at det er betre å vere føre var enn etter snar. Så kan komande vinter berre kome og vi slepp ei reprise frå siste vinter???