Vi ser henne kvar dag i heile september og oktober, eit staseleg skip i raudt, svart og kvit. Vi snakkar om den dagleg, skal tru kva det er for ei som kjem i dag?
Vi snakkar natulegvis om hurtigruta og forrige mandag vart vi bedt ombord for å sjå oss rundt.
Turen starta på kaia til skyssbåten Hjørundfjord der vi vart tekne vel imot av skipper Oddvard med hjelpesmenn.
Ein spent gjeng ombord i Hjørundfjord. Jofrid, Karoline, Borghild, Kirsten
og Tordis.
Johanne, Margit, Petrine, Mari-Anne, Marie og Åshild.
Berit, Oddny og Sigrun.
Vel ombord vart vi tekne godt imot av denne karen.
Kapteinen var også på plass og og ønska oss velkomne og Tordis fekk seg eit minne for livet.
Borghild ser hurtigruta passere Hjørundfjordheimen kvar dag og er veldig fornøgd med å få helse på nokre av karane som får desse flotte skipa trygt fram på fjorden.
Lunsj måtte vi naturlegvis ha når vi først var her, deileg mat for einkvar smak.
Alt frå kaviar til potetball med gode dessertar. Litt ukjent mat for nokre men ball og sjokoladepudding har vi iallefall smakt før.
Haldis og Marie forsyner seg av godsakene.
Sigrun og Oddny.
Margit og Ann Helene.
Etter maten måtte vi sjå litt meir av skipet, på panoramadekk var ei flott utsikt innover Norangsfjorden. Fleire hadde ei historie å fortelle om folket og fjorden.
Tordis, Berit, Sigrun, Karoline og Oddny nyt utsikta.
Etter ca. 3 timar ombord var det tid for heimreisa. Tordis, Margit, Johanne, Åshild, Kirsten, og Ann Helene er klare til å entre Hjørundfjord.
Vi på Hjørundfjordheimen seier tusen takk til Hurtigruta og til dei frivillige hjelparane våre som var med og gjorde turen til ei oppleving for oss.
Tusen takk for oss!
Kommentarar
Det er ikkje like lett å redusere drifta på noke som til ei kvar tid viser korleis god eldreomsorg skal vere.