Sjølv om vi ikkje kan love at ein får sjå fotball i verdsklasse komande laurdag, kan vi i alle fall love at ein får sjå sunnmørsk 6.divisjonsfotball i verdsklasse. Det er nemelig vinnarane av dei to avdelingane i 6. divisjon som møter kvarandre i første kamp om kretsmeistertittelen. Vidare kan vi love at Sæbø-spelarane vil kjempe som ville vikingar for å gje dei som tek turen underhaldning.

honndalscup

Årets lag. Framme frå venstre er Vegard Skorpen, Tarald Harstad, Olai Riise Eikrem, Jakob Hauge Moe, Tommy Riise Olsen, Mats Riise, Øyvind Wille, Martin Sandbakk, Espen Frøland, Eivind Dimmen, Kristian Straume og Bjørnar Holen. Bake frå venstre er Yngve Frøland, Mats Hustad, Stig Harald Myklebust, John Arve Valset, Kim Tvedt, Terje Haugen Øye, Alexander Riise Olsen og Kristoffer Valset. Steffen Ytterstad Wille er bak pokalen. Biletet er forresten teke etter finala i Honndalscup i vår. Henrik Mo og Ivar Kristian Mjøen manglar på biletet.

Det er ikkje verst å vere fotballspelar på Sæbø. Når vi har heimekampar er det mange som står på og hjelper til med kiosk, bane og mykje anna som må gjerast. Etter kampane får vi servert mat àla Emile. Vi vert overraska med pizzabuffet etter treningane. Vi er kort sagt vekksjemde. I tillegg har det vore mange tilskodarar på kampane samanlikna med tidlegare. På bortekampane har det fleire gongar vore fleire som heiar på Sæbø enn på heimelaget. Vi vil derfor takke alle desse som bidreg til at vi kan kalle det vi driv med for eit eit kvalitets fritidstilbod, og håpar det kjem folk laurdag òg.