Der var mange tilstades då det i dag vart markert at den nye, flotte ferjekaia, til ein kostnad av ca. 40 millionar kroner, var ferdig. Det var leiaren av Samferdselutvalet for Møre og Romsdal fylkeskommune, Oddbjørn Vaatne, som stod for opninga, men også vår eigen ordførar, Rune Hovde, kom også med gode ord.
Det var Statens vegvesen v/prosjektleiar Ole Kristian Birkeland(t.v.) som leia programmet under ferjekaiopninga. Leiaren av samferdselsutvalet, Oddbjørn Vatne(t.h.) stod for opninga
Sjølv om det var litt hustrig og vått under opningsmarkeringa, uttrykte ordførar Runde Hovde (med ryggen til) både glede og takksemd over den nye ferjekaia og det som elles no skjedde i Hjørundfjorden. Han hadde kort og godt god framtidstru for folket i fjorden. Men kven er guten med hua?
Sjølvsagt var det underhaldning under opninga også. Gaute Øvereng frå Ivar Aasentunet kunne opplyse at Ivar Aasen var vegarbeider i si tid, og ikkje minst at han brukte mykje båt på sine mange og ofte lange reiser i jakta på mdei små detaljane i det nynorske språket som vi snart skulle få. I bakgrunnen ser vi hovudentreprenør for landanlegget Hole frå Sykkylven, prosjektleiar Ole Kristian Birkeland og byggeleiar Marianne Nærø. Og sjølvsagt ser vi nokre av dei som song så vakkert - barn frå barnehagen på Sæbø
Det som var kjekkast å høyre på under markeringa var songen til skuleborna (t.v.) og borna frå barnehagen.
Og så var det tid for stor marsipankakefest med kaffi, marsipankake, bollar og brus.
Og alle som var tilstades meinte nok at dette var ein stor dag - spesielt for alle som er så heldige at dei får bu i Hjørundfjorden
Kommentarar
Guten med hua , Knut, må vere Håkon. Son til Wenche Strand og Vidar Stokke. Frampå som vanleg. Framfor ordførar midt i ein tale står han med hua i handa.... I barnehagen ( og heime) har han lært kor han skal te seg....!