Orgel i Hjørundfjord kyrkje
Orgelet frå 1913- ei gåve
frå utvandra hjørund-
fjordingar i Amerika

Vi har noko å feire her på Sæbø på tampen av året 2013:

Til jul i 1913 blei for første gong eit orgel tatt i bruk i Hjørundfjord kyrkje. Det var faktisk ikkje noko  instrument i kyrkja før då, og kyrkjelyden hadde sunge heilt utan akkompagnement. Slik hadde det vore både i den noverande kyrkja, som blei innvigd i 1880, og i stavkyrkja som var i bruk før det.

For oss som i dag er vande med at orgelet er kyrkja sitt instrument, høyrest dette veldig rart ut. Særleg i lutherske kyrkjer har vi ein rik og stor musikktradisjon. Dei fleste kjenner til dømes Johann Sebastian Bach som på 1700-tallet i Tyskland skreiv ein masse fin musikk både for kor, orgel og andre instrument. Han er nok også  av mange rekna som den aller største innan protestantisk kyrkjemusikk.

I Noreg var situasjonen og særleg økonomien, ganske annleis enn i Tyskland, og dette gjaldt ikkje minst på Sunnmøre. Velstand slik Noreg har i dag, var heilt ukjent for dei fleste, og mange sleit med uår, uvêr og tunge arbeidsforhold. Mange kyrkjelydar hadde difor rett og slett ikkje råd til å skaffe seg eit såpass kostbart instrument som eit orgel, og først på slutten av 1800-talet begynte det å bli vanleg med orgel i kyrkjene. Ein del mindre kyrkjer og kapell  blei gjerne heller utstyrte med eit harmonium, eit såkalla trøorgel. Slike finst fortsatt i mange bedehus, også på Sæbø. Mange fekk seg etter kvart også trøorgel heime, sjølv om dei ofte seinare (diverre) kom ut av bruk, til fordel for piano. Eit trøorgel var mykje rimelegare enn eit orgel, til og med rimelegare enn piano, men ville sjølvsagt vore alt for lite til den store Hjørundfjord-kyrkja. Dette var ei kyrkje som blei besøkt av fleire hundre menneske kvar søn- og helgedag, fylt med sunnmøringar, som i tillegg var kjende for sin kraftige salmesong.

B2FototavleGamleOrgel

Minnetavle på galleriet i Hjørundfjord kyrkje
(foto: M. F. Runowski).

Det var først og fremst utvandra Hjørundfjordingar frå Amerika som hadde skaffa til veges midlar til det første orgelet i kyrkja i heimbygda si. Vi finn bilde av dei på ei minnetavle på galleriet i Hjørundfjord kyrkje. Orgelet blei bygd av brørne Torkildsen på Åsen i Nord-Trøndelag, utanfor Levanger. Firmaet eksisterer den dag i dag og har særleg i dei siste åra levert mange flotte og internasjonalt velrenommerte instrument. Det gamle orgelet i Hjørundfjord kyrkje hadde to manualar (klaviatur) med 13 stemmer. Det var eit relativt lite instrument for eit så stort rom, men hovudmanualet ble utstaffert med fleire kraftige stemmer for å gi god støtte til kyrkjelydssongen, mens det andre manualet berre fekk nokre få og svake stemmer. Det blei brukt til dømes til salmeintonasjonar. Til dette var orgelet faktisk stort nok, sidan det i hovudsak var gudstenester orgelet blei brukt til og det på denne tida enno ikkje var så mykje snakk om konsertar. Etter 60 års bruk blei likevel dette orgelet utskifta med det noverande instrumentet. I tillegg til fotografi er den gamle spelepulten fortsatt bevart på galleriet, og gir såleis eit inntrykk av den tidlegare arbeidsplassen til organisten i Hjørundfjord kyrkje.

B1HjorundfjordkirkaGamleSpillepulten B3OrgeliHjorundfjord
Den gamle spelepulten frå 1913 på galleriet i Hjørundfjord kyrkje (foto: M. F. Runowski). Noverande orgel frå 1973 i Hjørundfjord kyrkje (foto: M. F. Runowski). (Klikk på bilde)

Noverande orgel blei innvigd 18. november 1973 av dåverande sokneprest Ottar Berge. Instrumentet blei bygd av Vestre orgelfabrikk frå Haramsøya, som var den leiande orgel- og harmoniumleverandøren i Møre og Romsdal på den tida og til dei gjekk konkurs på begynniga av 80-talet. Det «nye» orgelet fekk to manualar og 19 stemmer. Det mest karakteristiske  ved dette orgelet er trompetpipene som ragar inn i kyrkjeskipet. Også til dette orgelet var det nordmenn i Amerika som bidrog til finanseringa.

 

40-årsjubileum: Orgelet i Hjørundfjord kyrkje er 40 år og det markerer vi med musikkgudsteneste i Hjørundfjord kyrkje søndag 17. november 2013 kl. 11.00 v/sokneprest Espen Aarseth og organistar Michal F. Runowski og Ray Weber.

Etter gudstenesta blir det ein kort orgelkonsert på ca. 20 min. Deretter er alle hjarteleg velkomne til orgelomvisning på galleriet.

 

100-årsjubileum: At det er 100 år sidan vi fekk orgel i Hjørundfjord kyrkje markerer vi nærare jul når ”Vi syng og spelar jula inn”, laurdag 14. desember 2013 kl 16.00 i Hjørundfjord kyrkje.

 

Velkommen!

 

Michal F. Runowski, vik. kantor