Lag og organisasjonar som ynskjer treningstider i gymsalen denne sesongen må søkje skriftleg om dette innan 15. september 2013. Søknaden må innehalde når De ynskjer treningstider og kven som skal vere ansvarleg. Sett gjerne opp fleire moglege tider i prioritert rekkefølgje.

Gymsalen vil no verte vaska om morgonen, dermed er salen tilgjengeleg for trening mellom kl 14.35 og 23.00

Det viktigaste er at flest mogleg får tid til å trene, og at ikkje grupper står med ubenytta tider.

Dersom det vert mange som ynskjer samme treningstider vert det kalla inn til eit møte der vi fordeler tidene.

Søknad sendast til saboskule@orstaskulen.no eller i brevsform til Sæbø skule, Postboks 2, 6166 Sæbø

For Sæbø skule