Tidleg krøkjast..

I Jo-garden hadde han Strøm og ein Viddal-kar starta bakelittfabrikk som produserte svarte pipemunnstykke i tillegg til hovudproduktet bakelitt-pennalhus. Feil på enkelte pipemunnstykke var gratis og interessanne viss du skulle røykje pipe. Men piper var styggdyre og så hang det raust med heimavla tobakk på lødebetane både her og der - ein levning frå dei tobakkslause krigsåra. Og både Kjell og eg hadde lyst til å ha oss ei pipe, slik som enkelte voksne brukte.

 

Pipe

 

Den som kunne skaffa seg ei slik!

 

Kreative og blåøygde?

Vi utstyrte oss med far si ukvasse tømmermannssag og skulle skaffe oss ei skikkeleg grein til å lage pipehovud av Store-eika ute i Grøtet. Vi visste vel om eika, men var nok lite kjent med hardved og kor sløv saga var. Men vegen var grei. Det var berre å følgje Leknesråsa - vegen til Leknes var ikkje ferdig. Etter stigninga første delen, kom vi ut der det flata av og litt ovanfor sto hoStore-eika.

 

 Turkart Urke Leknesråsa

 

På skissa er Leknesråsa avmerka. Før var det problemfritt å følgje ho. Eg prøvde meg siste veke, men ytste delen mot Lekneset vart vanskeleg.

 

Optimistane

Vi leitte opp ei høveleg grein som var lett å nå. Og vi gjekk i gang med optimisme i blikket. Saga stripa seg lett gjennom borklaget, men då vart det verre. Halvtimen gjekk og vi var langt frå halvvegs. Vi hadde lurt oss av i kaffipausen, så det tok til å røyne på tida då vi burde vere heime. Vi var ute i ulovleg oppdrag, for gutungar skulle ikkje lære seg å røyke.

 

Storeeika

 

 Her står ho i dag. Ho ragar høgt over høgspentlina - kanskje 25 meter høg? Livvidda er over det eg kan nå, men omkretsen er vel rundt 2 m?

 

Nedturen

var berre å erkjenne. Vi måtte vende heim tomhendte etter bomturen. Og late som ingen ting og halde pipe-ekspedisjonen for oss sjølve. Det vart ikkje pipehovud på nokon av karane og saga fekk skulda. Det var lita hjelp i å ha pipemunnstykke utan pipehovud. Så då var det berre å slå frå seg pipeplanen og nøye seg med avispapir og karva heimavla tobakk frå løebetane.

 

Men minna

har eg i alle fall med meg denne dagen i forrige veke då eg tok turen til Leknes utgjennom råsa.

Det var dette som var Leknesborna sin skuleveg. Hadde eg hatt med ho Ella, skulle vi nok ha funne vegen som no er temmeleg attgrodd. Eg hamna i alle fall utanfor råsa på den ytste delen.

Store-eika har nok vakse noko dei siste 60 åra sidan oavnfornemnde ekspedisjon. Om eika kunne fortelje, ville det bli ei mange-hundreårig historie. Og ho ser ikkje ut til å trekke på åra heller; frisk i bladverket og borken. Og rundt henne veks avleggarane i tital. Nokre er store, men eg fann og mange små - heilt ned til berre 10-20 cm høge.