Innsetjingsgudsteneste i Hjørundfjord kyrkje.
Soknepresten i Hjørundfjord, Espen Aarseth, er no flytta til Ørsta og begynt i si teneste for Hjørundfjorden.
Sist søndag, 15.sept, hadde han si fyrste gudsteneste i prestegjeldet på Bjørke og fekk helse på soknerådet og kyrkjelyden i Storfjorden sokn.
På tysdag var hans fyrste arbeidsdag på kyrkjekontoret og bl.a. på torsdag var han på Hjørundfjordheimen og heldt andakt og helse på ansatte og bebuarane der, dette i tillegg til mange andre oppgåver gjennom den fyrste veka.
Men komande søndag, 22.september kl.16.00, er det offisielt møte med soknepresten i Hjørundfjord kyrkje. Her vert det ei spesiell festgudsteneste ilag med Sokneprest Moltubak og Prost Matre. Det vert også presentasjon av konfirmantane i komande år og dåp, i tillegg til Nattverd og Offer. Kanskje vil barnekoret også ta del i gudstenesta.
Etter gudstenesta ber Hjørundfjord Sokneråd, Espen Aarseth og alle som ynskjer å treffe nyepresten, på kyrkjekaffi på Bedehuset. Her vert det servert kaffi, litt mat og litt underhaldning.
Denne hyggjestunda på Bedehuset gjev alle høve til å helse personleg på Espen Aarseth og dersom nokon ynskjer å seie nokre ord på festen, er det sjølvsagt ope for det også.
Hjørundfjord Soknerådet ynskjer alle velkomen på Bedehuset etter gudstenesta til ein velkomststund for sokneprest Aarseth.
Hjørundfjord Sokneråd.
Kommentarar