IMGP4846_1

Innsetjingsgudstenesta på søndag,der Hjørundfjorden presteembete fekk ny sokneprest, startar  med inngongsprossesjon der konfirmantane var korsbærarar. Bak kom prestane og prosten. Gudstenesta vart ei stemnigfull og ei fin oppleving for både den nye presten, Espen Aarseth, og kyrkjelyden. Hjørundfjordkvintetten med solist og kantor Michal Runowski sytte for den musikalske ramma i gudstenesta.

Espen Aarseth har vokse opp i Sandnes, men har farsfamilie frå Ellingsøya. Han er gift med Kirsten Ragnhild Grimstad, og har dermed ei stor svigerfamilie som er frå Ørsta.
Konfirmantpresentasjon var det også denne sundagen, og fem kjekke ungdomar skal stå konfirmant første helga i mai neste år!


Etterpå kunne ein gå til bugnande kakebord på bedehuset, med talar og god musikalsk underhaldning av Edith Flakk Nordang.

(klikk på bilda for stor størrelse)

IMGP4849_1 IMGP4852_1
Sokneprest Arne Moltubak opna gudstenesta. Sigve Aklestad frå Hjørundfjord sokneråd las opp kallsbrevet til Aarseth, frå biskopen i Møre, Ingeborg Midttømme.

IMGP4855_1 IMGP4856_1
Prost Ingeborg Matre stod for innsetjinga av Aarseth og ønskte han velkomen Prosten velsigna Arseth som ny sokneprest i Hjørundfjord.

IMGP4862_1 IMGP4865_1
Den første oppgåva som sokneprest var å lese kunngjeringane i mangel på klokkar.

Men på galleriet var kantor Michal Runowski på jobb og hadde ei stødig hand på orgelet.

IMGP4869-1_1_1
Då tok  Espen Aarset plass på preikestolen som sokneprest.

Konfirmantar-2014

Dei fem konfirmantane fekk soknepresten sin fulle oppmerksomheit og vart presentert
for kyrkjelyden.
Fv:Bernhard Øye Pedersen, Ingeborg Holen, Otilie Elena Klokk, Alexander Heggen og
Lisa Marie Follestad

Alette-Muren-som-solist
I samband med ofringa underheld Hjørundfjord Kvintetten med solist Alette Hustadnes
Muren. (15)
Den unge solisten laga ei flott stemning i kyrkja med bl.a. melodien/songen til Vamp, 
 "Tir N`a Noir"

IMGP4878-1_1 IMGP4879_1

Då var det heile over og alle fekk helse personleg i kyrkjedøra på Sokneprest Aarseth

Soknepresten

Og dei ansvarlege for innsetjinga for den nye soknepresten var smilande blide på
kyrkjetrappa.

Fv: Sigve Aklestad frå Hjørundfjord sokneråd, Prost Ingeborg Matre, Sokneprest
Espen Aarseth og Sokneprest  Arne Moltubak

Litt frå festen på Bedehuset.

IMGP4892_1 IMGP4893_1

Festleiar Knut Hustad la ei god og munter stemnimng på festen frå første stund og det smitta vidare.

IMGP4894_1 IMGP4896_1

Sigve Aklestad hadde ein god tale til ettertanke for både sokneprest og festdeltakarar.

IMGP4898_1 IMGP4901_1

Så var det klar for kaffi og mat.

IMGP4902_1 IMGP4904_1

Magnar Hjertenæs frå Ørsta sokneråd

Sokneprest Reidar Standal frå Ellingsøy.

IMGP4905_1 IMGP4906_1
Sokneprest kollega Arne Moltubak, ønska Aarseth velkomen på vegne av Ørsta Kyrkjekontor Sokneprestane Espen Aarseth og Arne Moltubak

Edith Edith-og-presten
Edith Flakk song og viste fram " Bergteken " Ein tydeleg rørt sokneprest var fram og takka Edith for ein flott opplevelse ho hadde gitt han.

Presag-til-presten IMGP4916-as-Smart-Object-1
Og så var det overrekking av vekomstgåva frå Soknerådet og det var sjølvsagt Dvd´n "Bergteken" Soknepresten takka alle og avrunda festen. Alle burde få ein slik velkomst ein gong i livet, slik eg har fått i dag, avslutta han med.