![]() |
Innsetjingsgudstenesta på søndag,der Hjørundfjorden presteembete fekk ny sokneprest, startar med inngongsprossesjon der konfirmantane var korsbærarar. Bak kom prestane og prosten. Gudstenesta vart ei stemnigfull og ei fin oppleving for både den nye presten, Espen Aarseth, og kyrkjelyden. Hjørundfjordkvintetten med solist og kantor Michal Runowski sytte for den musikalske ramma i gudstenesta.
Espen Aarseth har vokse opp i Sandnes, men har farsfamilie frå Ellingsøya. Han er gift med Kirsten Ragnhild Grimstad, og har dermed ei stor svigerfamilie som er frå Ørsta.
Konfirmantpresentasjon var det også denne sundagen, og fem kjekke ungdomar skal stå konfirmant første helga i mai neste år!
Etterpå kunne ein gå til bugnande kakebord på bedehuset, med talar og god musikalsk underhaldning av Edith Flakk Nordang.
(klikk på bilda for stor størrelse)
![]() |
![]() |
Sokneprest Arne Moltubak opna gudstenesta. | Sigve Aklestad frå Hjørundfjord sokneråd las opp kallsbrevet til Aarseth, frå biskopen i Møre, Ingeborg Midttømme. |
![]() |
![]() |
Prost Ingeborg Matre stod for innsetjinga av Aarseth og ønskte han velkomen | Prosten velsigna Arseth som ny sokneprest i Hjørundfjord. |
![]() |
![]() |
Den første oppgåva som sokneprest var å lese kunngjeringane i mangel på klokkar. |
Men på galleriet var kantor Michal Runowski på jobb og hadde ei stødig hand på orgelet. |
![]() |
Då tok Espen Aarset plass på preikestolen som sokneprest. |
![]() |
I samband med ofringa underheld Hjørundfjord Kvintetten med solist Alette Hustadnes Muren. (15) Den unge solisten laga ei flott stemning i kyrkja med bl.a. melodien/songen til Vamp, "Tir N`a Noir" |
![]() |
![]() |
Då var det heile over og alle fekk helse personleg i kyrkjedøra på Sokneprest Aarseth
![]() |
Og dei ansvarlege for innsetjinga for den nye soknepresten var smilande blide på
kyrkjetrappa.
Fv: Sigve Aklestad frå Hjørundfjord sokneråd, Prost Ingeborg Matre, Sokneprest
Espen Aarseth og Sokneprest Arne Moltubak
Litt frå festen på Bedehuset.
![]() |
![]() |
Festleiar Knut Hustad la ei god og munter stemnimng på festen frå første stund og det smitta vidare.
![]() |
![]() |
Sigve Aklestad hadde ein god tale til ettertanke for både sokneprest og festdeltakarar.
![]() |
![]() |
Så var det klar for kaffi og mat.
![]() |
![]() |
Magnar Hjertenæs frå Ørsta sokneråd |
Sokneprest Reidar Standal frå Ellingsøy. |
![]() |
![]() |
Sokneprest kollega Arne Moltubak, ønska Aarseth velkomen på vegne av Ørsta Kyrkjekontor | Sokneprestane Espen Aarseth og Arne Moltubak |
![]() |
![]() |
Edith Flakk song og viste fram " Bergteken " | Ein tydeleg rørt sokneprest var fram og takka Edith for ein flott opplevelse ho hadde gitt han. |
![]() |
![]() |
Og så var det overrekking av vekomstgåva frå Soknerådet og det var sjølvsagt Dvd´n "Bergteken" | Soknepresten takka alle og avrunda festen. Alle burde få ein slik velkomst ein gong i livet, slik eg har fått i dag, avslutta han med. |
Kommentarar