Høgenausa-Soria Moria.
Bygene låg og trua både mot Bondalseidet og inni fjorden.
Vi har som vanleg trua på fint vêr, men ofte kjem bygene
ein tur innom oss på turane våre.
Men i dag- opplett heile vegen, og god tempratur.
Vi starta som vanleg frå Nygårdstunet og der er det god veg oppover mot beitet.
Nina, Bente, Hilde, Kari og Sigrid.
Der var ei som gjerne ville vere med oss vidare, men vi fann det tryggast at ho passa beitet sitt.
Hilde og Bente med "Raudros" i midten.
Våtaste delen er nok nederste biten av turen, men det gjekk svært godt.
Vel oppe i fonna vert utsikta mykje betre, no ser vi like til Sæbø.
Langhornet skin i bakgrunnen, og nyslegne teigar lyser mot oss frå dalen.
Siste kneika er bratt, men heilt øverst mot gjølet sto kyrne hass Kjell og venta på oss.
Kva fòr får desse spekingane då skal tru.
Stokkehornet kjennest nesten jamt med oss, so raskt stig det i høgda i bratta.
Endeleg oppe!
Fin flokk på steinane, Bodil, Kari, Sigrid, Nina og Bente.
Sjølv om fotografen hadde lagt att apparatet, og mobilen måtte duge,
så MÅTTE vi ha fellesbilde.
Uten stativ og tidsinstilling.
Kjempesnålt, men alle kom med, Nina, Sigrid, Bente, Kari, Hilde og Bodil.
På eit døgn har fargane fått eit haustleg preg no, men vakrare syn skal du leite lenge etter.
Takk for laget, og no held det akkurat med tida, det var godt skymt klokka ni.
Neste tur er Klokkura/ Tryvatna, men det spørs om vi snur i Klokkura, alt etter vêret,so vi ikkje mørknar ute.
Time vil see! eller som det vert sagt: time vil sjå.
Kommentarar