Olavsdalen/ Olavshola.

Frida, Kari, Hilde, Fred og Bodil, fellesbildet frå Lissjesetra.

Vi møtteset ved skiltet og gjekk gjennom porten og starta på råsa.

Liten prat ved dei faste skilta, Ved kylna og ved steinen.

001

Kari, Fred, Frida og Hilde.

Her er steinen med navnetrekka på, eit med ei trist historie.

004

Mykje frosk i marka, her ein svært liten ein som nesten vert ein prins.

007

Skogen er frodig og grøn så langt nede.

006

Huldregrova er frisk og rik på vatn.

009

No har regnet stoppa, og utsikta kjem seg.

Verdt og juble for!

011

Skjenkeretten står ved lag,

og vi måtte smake på, det svarte til forventingane.

013

Mikkjelskogen kraftverk hadde god vassføring.

015

Olavsportalen helsar oss god tur.

016

Vel oppe på Lissjesetra letta skodda også og vi gledde oss til resten.

017

Benken var litt våt men litt artisteri måtte vi ha.

022

Neste oppe, vi ser det på lyset gjennom skogen.

024

Boka står på sin plass, vi skriv oss i den.

Breen bak i dalen er nesten borte,

men frykt ikkje, no er det nysnøv i fjella- vakkert.

023

Melisdrysset ligg som "kakepynt" på fjellhyllene.

027

Frå utsikten med Sæbø i bakgrunnen,

ved messingplata som Fred har laga.

Kari, Frida, Fred og Bodil.

028

Frida, Kari, Fred og Hilde med majestetiske Grøtdalstindane i bakgrunnen.

030

Ein loden skoddedott låg bak i Frølandsdalen,

og eit vakkert lys dukka opp bak synsranda.

031

No kunne vi faktisk sjå blå himmel og fjella med snødryss.

Fantastisk!

033

Hellaren ligg der og venta på folk, området rundt er godt brukt ser vi.

Kjekt at det er så mykje folk på tur hit gjennom sommaren.

039

På vegen nedatt kom sola så vidt over fjellkanten.

040

Skonndalen med grønt nederst og kvitt øverst.

Dette var siste turen til "fjells" neste måndag er det tur til Rekkedalsetra og Risestøylen, nedatt Sledalen.

Takk for laget!

041

Til sist ei lita helsing til Ola på Sæbøneset.

Maradalen var nok vakrast denne gongen med sola baki dalen.

Vel møtt neste måndag.