Den restaurerte og verna  fiskebåten ms Hindholmen frå 1916 vil føre oss frå kysten og inn den 35 km lange Hjørundfjorden til den vesle bygda Bjørke. Fiske ute på Mørekysten var livsnerven for fjordafolket i eldre tider. Fiske og fangst gav ei viktig attåtnæring til dei elles tungdrivne gardsbruka i brattlendte lier langs fjorden. Bakketunet er eit freda gardsbruk frå Mellomalderen. Dei eldste husa er datert attende til 1549. Bakketunet med sine 6 ærverdige hus dannar det eldste heilskapelege gardstunet på Sunnmøre.

Visjonen til bruken av tunet er: ”Å ta vare på røtene sine frå bondekulturen, verne om vår felles kulturarv og vere aktuelle og nytenkande i innhald. Vi ønskjer å stå fram som eit førebilete for andre som ønskjer å skape noko i små utkantbygder”.

Visjonen til Stiftinga ms Hindholmen er: ”Å halde ms Hindholmen verna for etterslekta, og med det bruke skipet i samsvar med tradisjonane, her under maritim opplæring. Stiftinga har og som formål å synleggjere metodar for fiske og fangst som er representative for fartøyet. Kulturhistorisk forsking og synleggjering av vår kystkultur vil vere viktige faktorar i bruken av båten”.

Stiftinga ms Hindholmen har og utarbeidd eit undervisningsopplegg for grunnskulen kalla ”Den kulturelle sjømannssekken”.  Lærlingar kjem og om bord og tek fagprøver som godkjente matrosar.

Temaet for årets kulturminnedagar er; ”Historiens kvinner og menn- deltaking, fellesskap og handling”.

Og dette temaet passar godt dei to kvinnene  som står bak dette felles arrangementet  den 8. september. Brit Aanning Aarseth (74 år) har arbeid med restaureringa av ms Hindholmen sidan 1979 og etter 17 år med restaurering opna Marita Bett Jensen (36 år) Bakketunet for besøkande sommaren 2010.

Dei har begge sett den store samanhengen i livshjulet til folket langs kysten og fjorden. Dei har sett  fellesskapen, deltakinga og handlingane  som dette folket har gitt kvarandre i slit, sorg og glede. Dette kjem til syne under Kulturminnedagen i Hjørundfjorden 8. september.

Om bord i ms Hindholmen  vert passasjerane guida gjennom ei snart 100 år gammal historie om båten, mannskapet, kvinnene som vart att heime når mennene var på fiske i veker på Mørekysten og seinare i månadsvis på storhavet til Grønland, Færøyane, Shetland, Hebridane og Island. Passasjerane får og høyre om restaureringsarbeidet og om bruken av båten i dag.

I Bakketunet møter dei besøkande den utflytta bjørkebygdingen Ivar Mork. Han har alltid hatt ei stor interesse for språk, og vert av somme kalla eit levande dialektmuseum. Søndag vil han halde kåseri med gamle ord og uttrykk henta frå Hjørundfjorden, og emnet er slakting og tilhøyrande matstell på femti- og sekstitalet. Passande nok i kufjøsen.

ivar mork

Ivar Mork held kåseri i kufjøsen i Bakketunet kl. 13.

For den natur- og fotointeresserte finn ein fotografiutstilling av Arnfinn Tønnesen. Han har fanga mange fine augneblinkar frå fjell- og tindelandskapet i Sunnmørsalpane. Anne Lise Aarset har salsutstilling av fargerik keramikk i kammerset.

 

arnfinn 2

Arnfinn Tønnesen viser fotografi der motiva i hovudsak er henta frå Hjørundfjorden.

”Fiskarbonden” vil vere bindelekken mellom desse to føretaka, ms Hindholmen og Bakketunet. Uti frå denne tittelen  er det vi har spunne vår historieforteljing og vår kreativitet. Turen med ms Hindholmen krev påmelding.

Passasjerar frå Hurtigruten «Vesterålen» har moglegheit til å vere med på båtturen frå Urke til Bjørke.

Påmelding til båttur: brit.aarseth@mimer.no    mob. 99155472

Pris kr. 300,-

annonse hindholmen ferdig