Hurtigruta har valt Hjørundfjorden som destinasjon og Urke som ilandstigningsstad for 60 turar i dei to månadene september og oktober i år. Neste år har dei nemnt at sesongen skal utvidast.

P1060695

Her kjem dei ruslande på land. "Hjørundfjord" skyssar først på land dei som skal i bussar til Norangsdalen. Deretter vert det nokre turar for å hente dei som berre skal "slå i hel" eit par timar med vandring i i Urkebygda.

 

Kaiverten frå Urke Utvikling SA tek mot på land og deler ut ei lita hendig brosjyre med kart over bygda og avmerka sjåverdige punkt.  Dessutan er det ei orientering om bygda, folket og livet i ei lita bygd. 

Så berst det på tur oppover. Dei sprekaste besøkjer både Klokk og Bakkane på Ytre-Urke. Dei er på butikken og treff Nelly - som er omtala i brosjyra.

Dei ser på saueflokkane som beiter på Nilsavollen og i Ivergarden. Dei får sjå kvernhusa og kraftverket og dei gamle husa i Frikegarden. Og dei får treffe folk i bygda som er på butikken eller kjem med traktor og arbeidsklede.

Og etter eit par timar er det tilbake til kaia.

P1060703 

Dette er heilt spesielt, er gjennomgangstonen. Å vandre i ei bygd er så uvanleg. Det vert mest tettstader, byar og forretningar langs heile kysten. På kaia rekk dei og ein tur innom kaihuset og får forsyne seg med plommer så mykje dei orkar, kjøpe seg ein kaffikopp og sveler eller vaflar. Damene i bygda veit å lage gode saker!

P1060702

 

Og jammen får dei sjå at Sverre H. Urke (med vinkelsliparen) og Olav Klokk driv og fiksar ei avskjerming med ei solid jarnbaneskinne mot kaikanten. Truleg er heller ikkje dette eit heilt vanleg syn for hurtigrutepassasjerane.

 

Og i morgon er det ny hurtigrute med nye passasjerar. Slik skal vi på Urke vere vertskap heilt fram til sesonglutt med siste hurtigrutevitjing 1. november.