Eg kom meg aldri til Kvistad,  men eg høyrde om rekkja med folk som sende vassbytter til kvarandre heilt frå Storelva.

Støyping på setra 017

Her ser ein rekkjene av folk som sender bytter til kvarandre. Onkel Bjarne fortel at i starten var det ei rekkje som både sende fulle og tome til kvarandre, men her ser ein damerekkja i blomstra søndagskjolar som sender tombytter. Den andre, herrerekkja sender fulle vassbytter som dei tømde oppi brannsprøyta som var betjent av 4 menn.

Støyping på setra 015

Vedhuset var farleg nær løda, og det vart rekna som eit under at ikkje løda fatna.

Her er litt av ei folkemasse som vart mobilisert. Og her er nok brannen under kontroll. Biletet må vere teke frå loftglaset i Jogarden.

Eg kan hugse at sjølvantenning frå uleska kalk var ein av teoriane om brannårsaka. Det er imponerande at jungeltelegrafen var så effektiv utan mobil og facebook. Og med berre nokre få fasttelefonar.

 

Det hadde vore kjekt å få kommentarar av folk som hugsa denne hendinga .

div. okt 2011 016div. okt 2011 017

Her er brannsprøyta som vart brukt, og som var det einaste brannvernet i Bondalen i 1950åra.