"Møre-Nytt" hadde stort oppslag siste laurdag med dugnadsgjeng i full aktivitet på kaiaområdet. Kaihuset vart måla utvendig. Nye, sikre betongbrygger vart plasserte av fagfolk frå leverandøren Marina Solutions. Ny og sikker gangbru frå bryggene til land er no på plass.
Kaihuset er nymåla
Ny og sikra ilandstiging er på plass
Nye båtplassar og utvida gjestehamn på utsida er resultat av nyinvesteringa.
Det er Urke Utvikling SA og Urke Grendalag som tek ansvar for at Urkebygda skal presentere seg på ein best mulig måte. Sjølve kaiområdet er det mest krevande prosjektet der det og er etablert stor oppstillingsplass med rom til nær ti bussar. Kaihuset krev i tillegg ei omfattande opprustning innvendig.
Norangsdalen er reisemål for bussturane. Norangsdalen har i sommar fått flotte, eksklusive orienteringsskilt. Urkebygda har fått tur- og vandringsskilt på fleire stader. På Brua-parken mellom butikken og brua er det sett opp orienteringstavler over både fjellturar, trimturar og bygdevandringsturar.
Til Brua-parken har Urke Urvikling SA og Grendalaget investert i 8 nye benkar og 8 bord med minst 60 sitjeplassar - (sjå kommentar nedanfor!).
Bruaparken med utsiktsrampe over fossane, informasjonsbu, rikeleg med nye sitjeplassar og vakker utsikt i alle retningar. Skåratindane i bakgrunnen.
Raust med nye sitjeplassar på Brua-parken.
Utsikta austover mot Urkedalstindane er heller ikke å forakte. "Det minner meg om ei altertavle", sa ein turist i undring over fjellformasjonane.
Og om du ikkje trudde dette skulle vere nok for i fråflyttingsbygd med under 50 fastbuande, kastar Urke Idrettslag og TUSSA seg over brubygging framme i Urkedalen - på Stølen. Denne brua er ein del av kort-turopplegget og omtalt på orienteringstavlene som TRIMTUR 1. Denne går frå bygda, over brua på Stølen og tilbak til bygda på andre elvasida. Samla budsjett er stipulert til 130.000 kr.
Toppen av brua-kara er ferdige og om nokre dagar er brua på plass.
Siste helg sytte ein dugnadsgjeng for å støype toppdekket på dei to brua-kara og dermed er det klart for plassering av ei ferdigstøypt bru. Det skal dessutan monterast rekkverk.
Var det nokon som ikkje visste at Urkebygda tek si vertsrolle for Hurtirgruten alvorleg, så må dei tru om igjen!
Kommentarar
Kåre Myklebust
Kommentarfeltet på portalen er ei nyttig greie som kan brukast til nyttige opplysningar og andre synspunkt.
Borda og benkene på Brua-parken er til stor nytte alt no. For hurtigrutepassasjerar må det vere midt i blinken.
Så må ein finne eit vinterlager for utstyret.