Familietur på Stokkesetra.

Kristoffer, Peder, Alette, Kenneth, og Gunnhild Myrhol, Amalie Wille.

Lisa, Bjørn ove, Tor Eivind, og Monica Follestad. Bernt Arve Hustad.

Maren, Håkon, Vidar Stokke og Wenche Strand.

Ingrid, Hallvard, Arild Årseth og Lisbeth Aklestad.

Torine, Vegard, Kristian og Siw Lillebø.

Tore, Olav, Mathias, Ole Per og Irene Ville.

Haldis og Rune Mo, Adrian Snær Øysteinson Mo og Bodil skare.

Alle desse  fekk fyrstepremie i godt gjennomført oppdrag i ekstremvêr.

081

Når klokka vart to og bilane vart parkerte kom fyrste dropane.

Eg tenkte NEI, NEI NEI.....ikkje no igjen!

Det har vist vorte vanleg med at regnet startar når vi startar turen.

På Styr og orm (eller storm og yr)har meldingane vore så ulike og aldeles ikkje vore heilt pålitelege, så eg håpte dei tok feil i dag også.

Men nei , det var meldt store nedbørsmengder frå kl 14, og fare for tore og lyn.

083

Vegard og Mathias var fyrst i flokken på veg innover mot setra.

084

Like bak kom resten.

Fremst her Håkon, Adrian og Hallvard.

085

Desse karane heldt godt tempo, så ein liten stopp så dei andre kunne nå oss att var lurt å ta, lydige og spreke guta!

Mathias, Vegard, Hallvard og Bernt Arve.

087

Her er alle spente på kva som gjøymer seg under steinen, alltid like spennande.

088

Jau der er folla hass "Jase-Pit" denne historia er alltid kjekk å fortelje for lydhøyre born, og alltid er det nytt for nokon.

089

Litt regn vart til mykje på vegen innover mot setra,og når vi vel var komne inn så opna himmelen seg fullstendig.

Eg var spent på om vi fekk fyr på bålet.

092

Litt turr ved og med god kveikje, så var det full fyr, ein gammal ovnsrest gjorde nytta som tak og ly.

Rune og Bernt Arve smidde spiddepinna i full fart.

094

Då var festen i gong, spidding av pølser og bållukt er perfekt på tur.

Bjørn Ove spiddar med begge hendene.

097

Regnet pøsa ned, men stemninga var like god, pølsefesten fortsette.

100

Ole Per spiddar dobbeldekkar.

102

God spiddeånd med dei vaksne også, blide og positive alle sammen.

Siw, Gunnhild og Vidar.

109

Maren, Wenche og Vidar kosar seg.

099

Ein paraply var kjekk å ha så ikkje pølsebrødet

blotna heilt opp før ein rekk å ete det.

108

Ja til og med beremeisa var påmontert paraply for anledninga, dei er ikkje rådalause på Sunnmøre.

Vegard, Peder, Amalie, Kenneth, Alette, Siw, Gunnhild og Hallvard.

105

Borna sprang rundt og leita etter froskar og andre

"raritetar",ikkje klaga dei over regnet.

103

Lisa klaga helder ikkje, bli som ei sol.

110

Adrian måtte få låne tante Haldis si jakke.

113

Håkon hadde funne ein tørr sitteplass under rafta på hytta.

111

Pølsene og marshmallows i full fres.

112

Halvsvarte pølser med sennep, mmmm....

Pannekakerøra måtte vi ta med nedatt,

steikepanna regna full før smøret hadde smelta,

så det må vi ta att ein annan gong.

093

Ovnen varma godt, og det var ikkje kaldt i lufta helder.

Trass i det måtte vi nok innrømme at regnet begrensa nok varigheita på turen.

Så det var nok best å luske seg heimatt.

114

Tusen takk for laget til alle tapre, tolmodige sjeler som var med.

Kven skulle tru at 32 stykker tok turen i slikt vër.

Alle er skrevne i boka, håper me kan få fint vêr på neste familietur.

Trass alt vi hadde det kjekt men vått.