Topptur
Grytidleg laurdag drog ti vandrarar med Bjønnatanna i blikket og returnerte til varm brennsnut og snaps 8 ½ time seinare på Haukåssætra. Alt i regi av Jens Arve Forbord.
Jens Arve Forbord planla og leia ekspedisjonen på Bjønnatanna. To kunstige hofteledd er inga hindring for den karen!
Desse tre ungdommane - 14-16 år, alle med opphav frå Hansgarden på Ytre Urke, skal vere dei yngste som har vore på Bjønnatanna nokon sinne.
Grøtdalsbreen baud på utfordringar. Jens Arve i spiss. Regn og vind gjer det ikkje enklare...
Nedturen over breen var skikkeleg bratt!
Gjett om det smakte med varm mat og noko attåt. Wenke Oksavik deler ut rause porsjonar brennsnut.
Alt før middag hadde ein gjeng, med Tone Petra Rønning i spissen, stelt i stand allsidig underhaldning for dei yngste på Brua-parken. Lotteri, leikar, riding og godprat bygde opp til stemninga for resten av helga.
Tone Petra Rønning er fornøgd med oppslutninga på Brua-parken.
Unge og eldre kosa seg på Brua-parken.
Ridetur med hest og ponny var populært
På Grendahuset har vi aldre sett så mange innanfor veggane og det vart bruk for reserveteltet utanfor til reservearena. Leiar i Grendalaget, Kjellfrid Prestegarden, leia det heile og eit høveleg program med musikk, song, visuelle opplevingar gjennom nyinstallert videokanon og endeleg immitasjons- og historieframføring av allsidige Bård Helge Forbord. Og så var det dans til langt ut på morgonkvisten.
Tett i tett på Grendahuset
Bård Helge Forbord slo igjen til som immitator og gode minner frå "ein sytalaus barndom" i Jensagarden saman med m.a. "han Jensa-Lars og ho Anna".
Litt prega av ei kort natt, møtte likevel om lag 70 personar søndag til framtidskonferansen i Urke Utvikling SA sin regi. Etter opning av leiaren, Helge Ramstad, presiserte han formålet med møtet og ga ein god bakgrunn for stoda pr. dato. Hurtigruteanløpa i haust skal handterast godt, men vi skal sjå lenger og vidare enn det, var hans hovudbodskap. Konsulent Annelin Henriksen i Triangel leia framdrifta vidare der møtedeltakarane vart utfordra til å meisle ut visjonar og tiltak for ein utviklingsplan som skal vere ferdig om vel eitt år.
Leiar i Urke Utvikling SA, Helge Ramstad, ser framover.
Samla sett ei triveleg og vellykka Trivsel-helg nok ein gong. Kryss av kalenderen for neste år….
Tida vil vise kva som skal skje i Urkebygda i åra framover. Men no skal det utviklast ein plan for ei kontrollert utvikling mot betre tider.
Kommentarar