kvistaddalen2 kvistaddalen4

Jonny, Fred Kari, Ann Helene, Monica og Haldis starta frå parkeringsplassen, når vi kom inn til "krysset" stod Gry og Nemi å venta på oss.

IMG_0789 kvistaddalen6

Monica og Haldis sjekka forholda i gjetarhytta, der hadde nok sauene søkt ly for regnet og ikkje rydda etter seg.

kvistaddalen8 kvistaddalen5

Vi daffa oss vidare opp den krokete råsa, hadde pause på kvilesteinen og snart var vi ferdige med stigninga.

kvistaddalen11

For ikkje å mørkne ute, valde vi å snu ved det første vatnet.

kvistaddalen7 kvistaddalen12

Han fekk seg ein støkk mannen til Kvistadkjerringane når han såg ei på vei ut i det iskalde vatnet. Er det forresten nokon som veit om der er knytt segner til mannen og til holet han har i magen.

kvistaddalen13

IMG_0822

Monica sjekka badetemperaturen med dei vakraste kulissene i bakgrunnen, Kari var slett ikkje tenkt seg uti i dag!!

kvistaddalen16 kvistaddalen17

På heimveg traff vi Rasmus, tungt lasta for ein tur til Kvamsedalen. Rasmus peikar ned Riseoksegjølet og fortalde historia om ein okse frå Rise som slo ihel der.

kvistaddalen18

Vi rakk ein tur på Vasstøylen og skreiv oss i trimboka der.

kvistaddalen19 kvistaddalen20

kvistaddalen21

Vi lar bilda tale for seg, men dei sa det var DEILIG !!

kvistaddalen22

Karane tok på paling heimatt som to elgar i solnedgang.... Ikkje noke bading takk!

Ein kjekk kveld i godt lag!