-Ein 17. mai der Årsethuset er under bygging. Slettedalbutikken er nok nyleg innflytta. Lærar Johan Tverberg er flaggberar. Eg har identifisert meg sjølv til venstre for tubaen, i nikkers, som eg hata. Skal eg tippe 1957?
Ved bautaen, same året.
Songkoret ved bautaen
Sokneprest Ekeland talar ved bautaen.
Barnekor frå fremste dalen? Er det Odd Bjørdal som dirigerer?
3 av "storejentene" då eg vaks opp. Fv. Målfrid Walseth, Johanne Frøland og Svanhild Wille.
Frå kyrkjetårnet, mot Øyragata og Hustadvika. Ca.1955
Albumeigar, onkel Bjarne Hustadnes på spasertur, leidande på Aslaug Hustadnes.
Miljøet i Sæbø i rutebåttida ein søndagskveld. Skal me våge å seie ca. 1957?
Her frå Hustadnes fabrikker, som han Eldar brukte å seie. Lokalet er bedehuskjellaren. Jarle Strandmann til høgre. Den andre ?
Storflaumen i 1957, ved bedehuset. Skondalselva er på ville vegar slik den var i årevis. Muren vart oppsett for å berge bedehuset.
Det var ikkje berre å rekvirere ein brøyt å lage til att elveløpet oppunder bakkane den tida.
Havet ved Vågenhuset. Og ikkje minst i kjellaren.
Riksvegen fekk sjølvsagt sitt.
Eg hugsa godt at jorda rista langt oppi øyane. Og her ser ein elva korleis den såg ut ved Hustadbrua.
På kyrkjegardsmuren.
Frå venstre Bjarne Hustadnes, Jakob Kvistad (Dresen), og Ola Frøland.
Her ser ein korleis kyrkjegarden har endra seg. Eg kan hugse at Bjørn Urkegjerde og eg av og til gjekk rundt og las namn heilt tilbake til Otålulukka. Det er synd at ein del av kyrkjegarden frå gammal tid ikkje vart teken vare på.
Hugs å dobbelklikke på bileta, så kanskje du kjenner att nokre av personane.
Det hadde vore kjekt med kommentarar og opplysningar om bileta.
Fleire bilete vil kanskje fylgje seinare.