Bibliotekansvarleg på Sæbø filial Solfrid Holen har gått av med pensjon, og Sæbø står utan bibliotekar. Det er dermed litt uviss kva som skjer vidare og om dei klarer å skaffe ny bibliotekar til desse to timane i veka som biblioteket er ope. Vi satsar på at det ordnar seg.

For å sikre oss at biblioteket får vidare drift treng det fleire besøkande og fleire som låner bøker, mange bøker. Oppmodar alle som har mogelgheit til å nytte biblioteket, ei av dei få ting her i livet som er gratis, slik at lånetalet går opp og Ørsta kommune ser at vi treng ein bibliotekfilial på Sæbø.

Frå bokbåten
Arkivbilete frå Bokbåten hausten 2006, Jon Einar, Kristian og Sondre låner bøker på bokbåten.