Frå jonsok til august.
Mange vil sei at sommaren har gått så altfor fort, men vi kan sjå tilbake på kva vi har brukt nokre av dagane til.
Jonokfeiringa var i allefall ei triveleg stund.
Pynta med kvitedukar og langbord, jonsokafta skal vere ei hyggjeleg stund for alle.
Astrid, Arne og Reidar ventar på god mat og håpar på besøk av lurvetoget.
Petra, Anna, Solveig, Tordis, Else, Reidun, Audun og Astrid.
Tordis har feira jonsok ein heil "kvinnealder" og kan fortelje om mange artige episoder.
Else, Reidun, Audun, Astrid og Reidar kosar seg med høgtidstund og duft av syrin frå bukettane.
Brått kjem lurvetoget dei har gledd seg til.
Stova er full av born i artige kostymer og med musikk og tromming vert det skikkeleg jonsokstemning.
Alle er glade for å få oppleve denne stunda, ein vert nesten som barn i gjen.
Benedikte og Jenny sjarmerte alle, den yngste i lurvetoget var nok Jenny utkledd som kattepus.
Friluftsgudstjeneste.
Tidlegare på dagen var det gudtjeneste ved Hjørundfjordheimen.
Mykje folk møtte, og vêret var bra.
Ottar Berge heldt ei flott og minnerik gudstjeneste, og helste på mange han kjende frå tidlegare.
Ruth Oline Lødemel underheldt med vakker song.
Og glade musikantar var mellom anna Alf Lødemel og Øystein Øye.
Mykje folk deltok, både frå heimen her og utanfrå.
So litt kvardag.
Det må verte verre før det blir betre- vert det sagt.
Makinparken og folk i full sving, her skal mispeltuene vekk!
Det er viktig med mange gode "konsulentar" når arbeid skal gjerast skikkeleg,
no er det flott planert og ser rett bra ut.
Kantskjering ved turstiane våre, Sigve og Oddhild kan no tilby plen ferdig på rull til høgstbydande.
So kjem Eldrid (einingsleiar) med høgtrykkspylar og gjer det heilt reint.
Ho er slett inga kontorrotte, kan brukast til alt- som potete og salt.
Her er "spa" avdelinga i fyrste etasje i full sving, her får ein ordna hår, negler og ellers litt "sosialt stell" til solingsesongen.
Reidun, Anna Elise, Dagny, Elen og Kirsten.
Det er svært viktig med rett rulling på håret ,slik at sveisen vert fin.
Elen fiksar dette og Kirsten er svært nøgd.
Trim er viktig, alle er med og innsatsen er upåklagelig.
Torill, Liv, Anna, Borghild og Leif (med ballongen i hendene).
Her har Borghild fått tatt i mot, og so er det vidare til neste, reine handballkampen.
Anna tek oppvasken som so ofte før, og Torill får ein kos for flott "hårrullings" av Borghild.
Baldrian er snar til å hoppe på fanget til Leif for ein gratis køyretur,
kjekt for begge to.
Mary feira 90 år med kake, selskap og masse blomar.
Bingo!
Kvar fredag er det Bingo.
Då kjem våre utruleg hjelpsame venner utanfrå, dette gjer at vi kan gjennomføre bingo, til glede for bebuarane.
Her er Kari og Oddbjørg i sving med å hjelpe dei som treng ei hand for å finne rett tal.
Odny, Margit, Inga, Sigrunn og Solveig sit klar med bingotavlene og ventar spent.
Mykje flotte og kjekke premiar til dei fleste, alle kan vinne, med og utan flaks.
Litt personal- til slutt.
Asbjørg har satsa på vidare utdanning og vil forlate oss, men vi ynskjer henne lukke til med ei lita gåve for at ho ikkje skal gløyme oss.
Svanhild ordnar med litt blomster til pynt inne på borda i kvardagen.
Kongeleg vitjing frå beste sjåplass, Queen Mary 2 segla forbi rett utanfor glaskarmen.
Litt luking må til skal blomstrane vise, rosene som vart planta i fjor tålte vinteren godt og blømer med eit fantastisk flor.
Bodil med rumpa i været.
Konsulentar må til her også, skammeleg synest dei det er, at ikkje kommuna slår skikkeleg attmed rosebeddet, det er like før dei tek saksa og klipper graset sjølve.
Når vêret tillet det tek vi pausa vår ute, skikkelg godt med brødskive med ost og sylte, med kaffi til.
Men ungdommen du- Linda hadde med seg sushi til forundring for dei fleste, ho et vel ikkje rå fisk?
Med siste trend i matfronten smakar vi vidare på sommaren, og vonar han varer til ut september.
Varme helsingar frå oss ved Hjørundfjordheimen.