Tur til Bondalsbakken.

Kanutte og eg sto ved bommen i Sledalen og venta på fleire som trossa det våte element og ville vere med på måndagstur.

På vegen hadde eg observert ein syklist som for innover forbi bommen, men tenkte ikkje meir på det.

Vi køyrde inn til Rognestøylen og venta litt i bilen, då det kom ei frykteleg bye akkurat kl 1800.

001

Vi gjekk ut av bilen og Kanutte snakka med syklisten som viste seg å heite Jon Slyngstad, han ville vere med oss på tur til Bondalsbakken,

MED SYKKEL!

002

Korleis?

Jau, med sykkelen på Ryggen sjølvsagt!

003

Som sagt, så gjordt, vi traska (plaska) i veg, 

004

Ikkje så ofte du ser eit slikt syn innover langs Rognestøylsvatnet.

005

Råsa er forhaldsvis nyrydda, så det gjekk greit endåtil med sykkel.

ikkje så gale vått helder, ca seksti prosent av råsa var ikkje elv.

006

Vi hadde godt tempo, og etter ein halvtime var vi halveis oppe i sida.

Utsikta er idyllisk, endåtil i regn.

007

Oppe ved mastene der råsa kryssar dalen, var vi godt varme.

008

Delar av råsa var stort sett slik; ikkje så gale.

009

Nesten oppe, berre siste bratta att no.

010

Kvasshornet badar i skodde, men fristar  oss i finevêr.

011

Bondalsbakken i himmelsjå, Kanutte og Jon siste stopp før toppen.

Vi var oppe på tre kvarter ca.

bondalsbakken3

Jon tok bilde av oss før han sykla vidare mot Bakkedalen.

Han bar sykkelen til vegen og skulle sykle til bilen, den sto ved Vatnevatnet i Åmdalen.

Denne Karen kom frå Vatne (Brattvågen) ,spreking dette her.

Me takka for fyljet, og skreiv oss alle i boka.

Det bles frykteleg på toppen så vi var raske å snu nedatt.

Bondalsbakken1

Bondalen bada i regn, vi pjaska oss nedatt, og var i bilen kl 2000.

Kjapt levert.

Då opna himmelen seg fullstendigt, vi var nok heldige tross alt.

Takkar for laget, no er det flotte meldingar til torsdag.

Den siste torsdagsturen denne sesongen vert til Årskogstøylen og Høgereset.

Vel møtt.