Tur til Bondalsbakken.
Kanutte og eg sto ved bommen i Sledalen og venta på fleire som trossa det våte element og ville vere med på måndagstur.
På vegen hadde eg observert ein syklist som for innover forbi bommen, men tenkte ikkje meir på det.
Vi køyrde inn til Rognestøylen og venta litt i bilen, då det kom ei frykteleg bye akkurat kl 1800.
Vi gjekk ut av bilen og Kanutte snakka med syklisten som viste seg å heite Jon Slyngstad, han ville vere med oss på tur til Bondalsbakken,
MED SYKKEL!
Korleis?
Jau, med sykkelen på Ryggen sjølvsagt!
Som sagt, så gjordt, vi traska (plaska) i veg,
Ikkje så ofte du ser eit slikt syn innover langs Rognestøylsvatnet.
Råsa er forhaldsvis nyrydda, så det gjekk greit endåtil med sykkel.
ikkje så gale vått helder, ca seksti prosent av råsa var ikkje elv.
Vi hadde godt tempo, og etter ein halvtime var vi halveis oppe i sida.
Utsikta er idyllisk, endåtil i regn.
Oppe ved mastene der råsa kryssar dalen, var vi godt varme.
Delar av råsa var stort sett slik; ikkje så gale.
Nesten oppe, berre siste bratta att no.
Kvasshornet badar i skodde, men fristar oss i finevêr.
Bondalsbakken i himmelsjå, Kanutte og Jon siste stopp før toppen.
Vi var oppe på tre kvarter ca.
Jon tok bilde av oss før han sykla vidare mot Bakkedalen.
Han bar sykkelen til vegen og skulle sykle til bilen, den sto ved Vatnevatnet i Åmdalen.
Denne Karen kom frå Vatne (Brattvågen) ,spreking dette her.
Me takka for fyljet, og skreiv oss alle i boka.
Det bles frykteleg på toppen så vi var raske å snu nedatt.
Bondalen bada i regn, vi pjaska oss nedatt, og var i bilen kl 2000.
Kjapt levert.
Då opna himmelen seg fullstendigt, vi var nok heldige tross alt.
Takkar for laget, no er det flotte meldingar til torsdag.
Den siste torsdagsturen denne sesongen vert til Årskogstøylen og Høgereset.
Vel møtt.
Kommentarar
Men å sykle over Bondalsbakken og nedigjennom Bakkedalen til Bjørke, var populært for ungdommane før i tida også. Har sett bilder frå dette i 50-åra.
Synd dokke ikkje skulle få finare vèr denne gongen.
Sykkelen og sekken vog 15 kg, imponerande!
Hadde vore kjekt med litt bilde frå slike sykkelturar frå "eldre tider".