Tua på Hustadneset.

Valborg, Kjersti, Haldis, Martinus, Kari, Anette , Elsa, Bodil, Manuela, Alvhild, Christian,Vigleik, Marie, Anne Helene, Janita, Rolfen og Nina.

Ein humørfyllt gjeng som var like blide, trass dårleg vêr.

Vi møttest på Hustadneset i havna, det såg faretruande ut med regn frå fjorden og frammafør, men vi hadde god tru.

002

Litt oppi granskogen måtte vi stanse litt og prate om råsa.

Denne råsa vart til når dei frakta dyra (kyr) opp til beitet til Lissehaugen.

Kyrne laga rås som det vart greitt for folk å gå i, i motsetning til saudane som går "alle stess".

Litt å tenke på når råsa er så bratt som her oppover, kyrne (gråkolla) var nok meir lettføtte enn Norsk rødt fe som vi ser mest av i dag.

004

Vi forsette oppover bratta, og råsa er godt merka med raude merke.

006

Nokre stadar er det ganske høge tren og stige opp.

007

Lang rekke oppetter stien, 

008

Manuela, Marie og Anette.

009

Alvhild og Kari.

010

På denne sleipe steinen er det trinn på øvste sida slik at kyrne (og folket) enkelt kan gå utan å glide.

013

Bjarne Hustadnes har fortalt oss litt om historia på Hustadneset, noko prøver vi å formidle på desse turane opp hit.

Ragna og Karoline har også fortalt mykje, spesiellt om det dyrebare vatnet som det var lite av på Hustadneset, og om vasking av klede i Lidagjølet innom neset.

017

Her ser vi gjengen gjennom granskogen, merka på treda er lette å sjå.

023

Når vi kjem til Lissehaugen, nedom skredegarden er det utsikt utover fjorden.

Haldis, Marie, Nina og Janita.

026

Anette og Manuela.

031

Desse granene ved skredegarden, var planta

for at ikkje dyra skulle gå seg utføre på beite.

No har Dagmar rotvelt dei fleste av dei velvoksne granene.

035

Oppover Lissehaugen kom regnet, og det vart ei skikkeleg rotbløyte.

037

Ved mastene skulle vi nyte panoramautsikta, men det var ikkje mykje vi såg nei.

038

Vi gjekk vidare mot Tua, stoppa litt på kanten og kjika mot Lidagjølet, der tausene frå Hustadneset vaska klede.

039

Det var ledigt  plass i "hjortespaet", men ingen var intressert i dag.

041

Oppe på toppen av Tua på Hustadneset,

fellesbilde framover dalen.

Christian, Elsa, Manuela, Valborg, Vigleik, Martinus, Kjersti, Kari, Rolfen, Anette, Anne Helene, Bodil, Haldis, Marie, Janita, Nina og Alvhild.

042

Kjapt kleskift, og litt mat og drikke før vi snur nedatt.

Det var ikkje dagen for ei god pause på toppen i slikt regn.

044

Fellesbilde mot Nordangsfjorden, så vidt du kan skimte Stålberghornet i bakgrunnen.

Ja, ja utsikta var der, berre det ikkje regna slik så......

046

Så rusla vi nedatt.

050

Ved mastene var utsikta betre på nedturen, mot Lekneset, Urke og Øye.

055

Utover fjorden såg det ut til å lysne.

Trass i at vi var våte til skinnet, var alle i godt humør.

060

Anne Helene og Bodil i et velfortjent bad.

Bada med lestane på!

Dette var hæææærligt!

Takk for laget alle saman, det letta til slutt, men då var vi komt ned til bilane.

Vi fekk ein fin tur trass i at utsikta kunne vore mykje betre.

Vel møtt til neste tur som er onsdag 31/7.

Då vert det Overgongstur frå Holedalen, gjennom Nøvedalen og over til Standal.

Oppmøte ved nilsbuda kl 10.

Vel møtt!