Meir trivsel!

Trivsel-kveld er i år utvida til ”Trivsel-helg 3. – 4. august” med arrangement både laurdag og søndag.

 

Bilde 087 - Kopi

Ramma for Trivsel-helga er Urkebygda, som vi ser i nedkant av dette fotoet frå Stålberghornet. T.v. Leknes og utsikta utover Hjørundfjorden mot øyane og havet

I år er det Urke Grendalag og Urke Utvikling SA som inviterer. Grendalaget er ansvarleg for laurdagsopplegget med både friluftssamling på Brua-parken på formiddagen, med tombola og aktivitetar for både små og store.

 

Moro for store og små

Om kvelden vert det samling på Grendahuset med program, loddsal med flotte gevinstar, mat og dans. ”Gamlekarane”, Arvid og Hallstein Stennes og Hallvard Urke syter for den tradisjonelle musikken medan Knut Øyvind Myklebust tek seg av  meir nymotens rytme og song. Vi reknar med at Bård Helge Forbord vil bidra både som immitator og programleiar.

 

Bård Helge Forbord

Bård Helge Forbord skal høyrast på Grendahuset laurdag

 

KnutOyvind 1

Knut Øyvind Myklebust stimulerer dansefoten med moderne rytme og song. Han presenterer seg sjølv med gitaren i fokus og sjølv i bakgrunnen.

 

Gamlekarane

 

Tradisjonsrytmene på laurdagskvelden er det desse tre karane som syter for. Frå v.: Arvid Stennes (fiolin), Hallvard Urke og Hallstein Stennes.

Søndagskonferanse

Neste dag er det Urke Utvikling SA som inviterer til fellessamling som startar med gratis brunsj. Hovudtemaet er Urke som reisemål og korleis ein tenkjer seg utviklinga vidare. Leiaren, Helge Ramstad, orienter om status og prosessen hittil. Konsulent i Triangel, Annelin Henriksen, skal uteske bygda sine interesser, visjonar og målsettingar. Tilbodet ved Hurtigruten sine 61 anløp i haust vil og verte tema.

 

helge_ramstad_portrett1

 Helge Ramstad er leiar i Urke Utvikling SA som søndag inviterer til idemyldring og         framtidstankar for Urkebygda.

 

Utfordranda fjelltur

Som om ikkje dette var nok, kan vi opplyse at Jens Arve Forbord - også i år – inviterer til erobringa av ein ny fjelltopp for mange. Urkedalstinden var i fjor på grensa av det ein kunne nå på grunn av mykje snø. I år er det det Bjønnatanna (1470 moh)– ein fjelltopp i grenselandet mellom Sykkylven og Urkebygda – som er arenaen. Turen startar tidleg laurdags morgon ved kraftverkdemninga og er ein lang og krevande fjelltur med klyving i dei vanskelege oppgangane.

Jens Arve Forbord

Jens Arve Forbord

Svein Gunnar Urke på Bjønnatanna

Bjønnatanna vert utfordringa for ei gruppe som likar klatring. Svein Gunnar Urke på toppen med utsikt vestover mot vest og Haukåstinden til h.