Høgenausa.
Fire tapre sjeler møttest på Aklestad denne måndagen.
Vêret såg ikkje bra ut, men vi hadde god tru, og trua den he hjelpt so mang ein stakar før også.
Rolfen, Kanutte og Janneche, ved beitet oppafør Aklestad.
Opplett var det då vi starta, og ved gardfjøsen sto ei nyhesja hes, det lukta sommar og vi får tru på god høytørke.
Ved den store grana skiftar råsa retning, det er eit lett synleg merke.
Denne grana har vore herja av fonn,
og er som eit tak for dyra som beitar rundt i regnvêret.
Vått i råsa, men gode steinar å stige på, betre inni skogen.
Mykje mose på steinbrua, og ellers på steinane.
Kan det vere våte sommarar som er årsaka?
Bodil og Kanutte, når vi kom mot Storefonna lysnar det og utsikta framover dalen opnar seg.
Langt att til vi er oppe i enden av sletta, seigt og bratt.
Dess høgare opp, til flottare utsikt.
Bodil, Janneche og Kanutte ser oppover om det minkar på avstanda.
Nedi dalen ser vi nyslegne markar i ulike fargevalørar.
Bratt og seigt, omlag halvvegs no.
Kanutte, Janneche og Rolfen.
Det stig fort oppover når det er bratt, Stokkehornet i bakgrunnen i skoddeskya.
Regnbya låg fram i dalen, skal tru om me går klar?
Her svingar vi av mot Høgenausa.
Ein liten varde viser veg.
God sti resten, her er det sirlege trappetrinn.
Flotte steinlagde sti og trapp, imponerande arbeid.
Andre stadar meir "øje" med lett klatring med gode tak.
Brått er vi oppe på flata, utsikta er upåklageleg, og framleis ikkje regn.
I døra sto Sigve og Margreta med nykokte kaffi til oss, for ei overrasking.
Etter ei trivelegstund med godt prat og mykje god kaffi (og tvist),
då var det tid for fellesbildet, sur vind bles godt.
Sigve, Margreta, Janneche, Rolfen, Kanutte og Bodil.
Så gjekk vi nedatt, regnet kom når vi var nede, snakk om flaks.
Margreta måtte prøvesitte benken som er laga til ho når ho vert gammal og ikkje kan gå heilt opp på Høgenausa lenger.
Takk for gjestfriheitaog hjartevarmen.
Men ei lita overrasking til fekk vi:
Nede på beitet veks ei Solblomefamilie.
Solblomen (Arnica montana) er utryddingstrua, så-kalla raudlisteart.
Kjem du over fleire slike påss godt på dei, dei likar ikkje kunsgjødsel.
Dette er frå gammalt ein velbrukt urt med mange eigenskapar.
Tinkturar vert brukt mot mellom anna: betendelse, smertestillande, urindrivande, hjertestyrkande, og blodtrykksenkande .
Google den og sjå sjølv.
Takk for laget!
Torsdag vert det tur til Klokkura og tryvatna.
Vel møtt.
Kommentarar