Ein eignalut frå Vigra

Staven vert ikkje vert produsert i mangfald. Han som lagar dei, har innsikt til å velje unge bjørkegreiner og frittståande bjørkerenningar som skal takast på rett årstid. Han følgjer med når dei veks og utviklar seg etter kvart som tida og åra går. Dermed vert utvalet svært lite, kanskje berre ti i løpet av eitt år.

 

P1060588

 

Rikkastaven i heile si lengde

 

Dei unge trea har tynn bork utanfor sevjelaget. Ytste laget av borken er som tynn, blank plast, medan det innanfor sit eit vekstlag som med tørking vert brunt.

Sidegreinene vert tekne bort med unntak av den nedste som skal markere handtaket. Med ein skarp, tynn papirkniv fjernar ein det ytste borklaget og så er det tid for dekorutforminga. Her er det rom for sirlege rosettar, ruter og sirklar. Ingen av stavane er like.

P1060592

 

Handtaket er verna av ei grein som er avberka og bøygd inn i eit utbora, runddekorert hol.

 

Ved å fjerne deler av den gjenståande borken, kjem det lyse eller kvite vedlaget fram. Kontrasten mellom mørk bork og kvit ved, teiknar mønsteret som denne hendige stavmakaren får fram. Handtakgreina skal tilpassast holet medan greina er mjuk før treet tørkar. Til slutt skal staven gjennom ein tørkeprosess og lakkast. 

P1060591

 

Ei grein vart kutta bort her - og av det som er att, lagar ein hendig Vigra-kar om til ein rosett 

 

Denne staven har vorte ein eignalut som eg set stor pris på og er laga av ein kar med lyst til å utforme noko vakkert med sine eigne hender. Bileta talar for seg sjølv.

Vi hugsar kanskje at vi som ungar laga stavar av rogn eller selje om vårane når barken sleppte lett. Vi laga sirklar og mange andre dekorasjonar. Vi skar heilt inn til det kvite treet og pynten vart sjeldan varig.

 

Bjønnahistoria og rikkastaven

Eg har merka meg ei bjønnahistorie frå Bjørke der storjegeren Johan Rørstad fortel om då dei kom heim med fleire skotne bjørnar på sleden. Den eine hadde lys grå bot på eine bogen:

Den første som helsa på ”lysegråen” var han Sætre-Lars:

”Å din rakkarfante! Det var ikkje rikkastaven min du hadde å gjere med denne gongen!” 

Med det meinte Sætre-Lars av han hadde jaga vekk bjørnen tidlegare med staven sin, medan no hadde bjørnen møtt jegeren med børsa. ”Rikkastaven” – som Lars nemnde – var nok ein slik dekorert stav han hadde smidd som gjætargut?

 

Bertha Saure veit kva rikka står for:

I boka  "Dei gamle orda inst i ”Hjørundfjåra” , skriv Bertha Saure at rikkete tyder stripete, spragla. Det visste eg nok frå før, men det er greit å få det bekrefta skriftleg.