Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.
Om du vil sjå på lundefuglane på Runde er det ingen vits i å vere der før klokka 17, men no er erfaringa mi at du ikkje treng å vere oppe ved fuglefjellet før klokka 19.
|
Etter at ungen i reirhola var mata, var det tid for ein pust i bakken. |
Eg har sjekka vêrmeldingane for Runde lenge, og torsdagskvelden såg det ut til å klaffe - lettskya og stort sett skoddefritt. Og det viste seg å stemme. Og la det vere sagt med ein gong; ta gjerne turen utover til denne vakkre fugleøya. Rett nok vert det noko køyring ein del svingar, men turen i seg sjølv er enkel no når vi kan køyre ferjefritt og turen er svært så vakker. Og køyrer du ut til Goksøyr, er der ein stor parkeringsplass og turen opp til lundefjellet tek kanskje rundt tre kvarter.
I byrjinga var det lite å få med seg, lundefuglane kom inn frå havet i høgt tempo og forsvann lynraskt inn i den grøne, men noko steinete bakken. Den håpefulle måtte sjølvsagt få mat der inne i reirhola. Klokka vart rundt 19 og eg hadde tenkt å pakke saman, men då skjedde det eit kvart. Langt fleire fuglar kom inn frå havet og etter kvart tok dei til å roe seg ned. Ja, etter kvart tok mange lundfuglar kort og godt til å opptre som øvde filmstjerner. Det var berre å fotografere. Under ser de litt av resultatet.
|
|
Kameraten min... |
... og eg. |
|
- Er eg ikkje søt? |
|
|
Her er mange av oss - fleire tusen. |
Så er det tid for kveldspussen. |
|
|
- Sjå kor stor eg er. |
- Utsiktplassen min i kveldslyset. |
|
- Naboen min geispar. Det er langt på kveld.... |
|
- Eg trur eg legg meg litt nedpå eg også. |
|
|
- Lundefuglane kjem inn med mat til langt på kveld |
- Kanskje dert blir litt på meg også? |
Det er sjølvsagt fleire andre fugleartar enn lundefugl også på Runde. Som eit døme tek eg med ein tjuvjo som vil stele maten frå ramnen.
|
|
Tjuvjoen tek opp jakta på ramnen |
Ramnen meiner at opp-ned-flyging kan vere ei løysing. |
Kommentarar