Her er vi klar til kveldens tur. Helga, Fred, Frøydis, Marit, Kari, Alvhild og Bente.
Og det var visst fleire som var i fjella her i dag.
Det var mange bilar på parkeringsplassen.
Vi gjekk råsa innover mot Vasstøylen. Ved skiltet bestemte vi oss for å gå til Kvamsedalsreset først i dag.
Råsa oppover var tørr og fin å gå. Og vi la inn fleire små drikke- og pustepauser.
Her er Helga, Janneche og Kari ved Kvilesteinen. Alvhild like bak.
Det var flott og sjå innover mot vatna på Kvamsedalsreset.
Før vi gjekk vidare forbi vatna, tok vi eit fellesbilde her. Fred, Ingvild, Janneche, Kari, Helga, Frøydis, Marit, Alvhild, Bente og Monica.
Denne snøbreen, Skadebreen, var den einaste vi måtte krysse på kveldens tur. Og alle kom seg vel over begge vegar, heldigvis.
Alvhild og Helga ved vatnet. Idyllisk!
Disse to låg i fjellsida ovanfor vatna, og kosa seg i det grøne graset.
Endelig var vi framme på kanten, og kunne sjå ned i Kvamsedalen.
Vi såg eit telt der nede. Fred leita fram kikkerten, og kunne fortelle at det såg ut til å vere ein heil gjeng som var på telttur der.
Før vi tok til på heimvegen, tok vi eit fellesbilde her også.
Det ligg som ingressfoto til denne artikkelen.
Det var sååå nydelig på heimovervegen! Kveldssola spegla seg i blikkstille vatn.
Alvhild, Kari, Bente og Marit.
Nede ved "veikrysset" igjen, Ingvild, Fred og Janneche.
I vakker kveldssol takka disse tre for laget.
Vi seks som då vart igjen, valgte å ta turen inn på Vasstøylen, for å skrive oss inn i boka. Marit, Bente, Kari, Helga, Alvhild og Monica (fotograf).
Det var ei aldeles nydelig og spesiell kveldssol i kveld.
Vi hadde ein litt lang, men nok ein flott tur i dei vakre fjella våra.
Takk for turen!
Neste tur vert mandag 15.07 til Høgenausa. Velkommen!
Kommentarar