Bruk gjerne nettlesaren Firefox og klikk på fotoa om du vil ha dei i stor versjon.

Ikkje er eg nokon musikkmeldar og ikkje er eg forfattar som kan måle dei vakre orda utover boksidene, men er du aldri så lite interessert i musikk - same kva for sjanger - god stemning, hyggelege folk og vakker natur, ja, då må du få med deg minst ein dag på  Trandalblues.  Har du enno ikkje fått med deg kva for arrangement det er snakk om, kan du kort og godt klikke på dette ordet:  Trandalblues.  Elles må det nemnast at  nettsidene og papirutgåvene til Sunnmørsposten og Møre-Nytt har både mange vakre foto og fyldig dekning av årets arrangement.

Blues og Bjørkehornet 025 copy Helge
Blå tonar i raudt lys. Over er  det bror Jan Magne Førde som trakterer trompeten. Bror Helge Førde improviserer på trombonen

I det flotte sommarvêret laurdagskvelden stod høgdepunkta i kø.  Men for dei aller fleste vart nok samspelet mellom Brazz Brothers og gitaristen Frode Alnæs det som vert hugsa best.  Stemninga var då også allereie på topp under rigginga og oppvarmingstonane.

Brørne Jan Magne og Helge Førde, samt tubaisten Stein Erik Tafjord var med på å starte Ytre Suløen Jass-ensamble heilt attende i 1973.  Denne skrivaren var på sin første konsert med Suløen i 1979 og har sidan den tid hatt nettopp Ytre Suløen Jass-ensemble og Brazz  Brothers som favoritt band.  Dei skuffa heller ikkje på Trandal.  Det einaste må i så fall vere at dei hadde for kort tid til disposisjon. Jan Magne og Helge Førde kasta seg denne kvelden utpå også når det skulle syngast.  Kanskje ikkje verdens beste, men du verden kor stemningsskapande.

Blues og Bjørkehornet 029 copy
Stein Erik Tafjord må vere Noregs beste på
tuba -
i alle høve om vi tek med stemnings-
skaping i
tillegg til musikalitet.

Men Brazz Brothers var ikkje på scena åleine.  Midt mellom dei stod heile Noreg sin Frode Alnæs frå Kristiansund - musikaren som absolutt kan samanliknast med Eric Clapton.  Den som evt. berre var interessert i ansiktsmimikk denne kvelden, fekk full valuta for pengane om dei berre såg på Frode Alnæs.  Men det var føsrt og fremst gitaren hans vi ville høyre - og også det fekk vi.  Kanskje kan han verte invitert til å ta med eit eige band allereie om eit år eller to?

Blues og Bjørkehornet 014 copy
Frode Alnæs - det vil nesten vere urett å nemne at han for fleire er mest
kjend
frå Dance with a Stranger.

Før Frode Alnæs og Brazz Brothers, var det amerikanske Lloyd Jones og det danske orkesteret Shaky Ground som var på hovudscena.  Mange visste kva Lloyd Jones stod for - og kunne.  Såleis vart nok orkesteret hans den mest positive overraskinga.  Hadde dei, i tillegg til saxofon og trompet, hadde med seg ein like god trombonist som Helge Førde, hadde det heile vorte perfekt også her.

Blues og Bjørkehornet 003 copy Blues og Bjørkehornet 008 copy
Lloyd Jones Lloyd Jones saman med delar av Shaky Ground

Vel blåst og gratulerer til både Christian Gard på Trandal og arrangørane.  No vonar vi at de køyrer på vidare.

P.s.  På veg tilbake til Sæbø var eg hedig å kome i snakk med sjølvaste tubaist Stein Erik Tafjord.  Noko av det siste han sa til meg var kort og godt: "Hels så mykje til Ansgar" (Kvistad - vår svært dyktige lokale tubaist).