Ingebjørg Bratland & Odd Nordstoga heild konsert på Haukly den 2 oktober kl 20 .Bill 350 inkl avgift.

HEIMAFRÅ

Ingebjørg Bratland & Odd Nordstoga

 

"Kva med eit folkemusikkfundert prosjekt" tenke Odd Nordstoga. Kven kan eg gjera noko slikt med?

Ein vakker vårdag for eit par år sidan tok Ingebjørg Bratland vegen opp til Lambertseter i Oslo, opp på musikkloftet til Odd. Og her byrja songane å trille fram. Den fyrste songen som vart prøva var Jørund Tellnes si tekst "Å bån og veslegut". Med kvar sin gitar og to songstemmer vart eit enkelt opptak gjort. Det var noko med dette opptaket. Veldig fint var det. Berre to songstemmer og eit enkelt akkompagnement. Trong ikkje meir.

Folkemusikkprosjektet "Heimafrå" vart fødd.

Ingen band, ingen strykearrangement. Så enkelt som det kan gå an - berre bruke av dei songane som utgjer det musikalske jordsmonnet der dei begge to kjem ifrå, nemleg Vinje. Og det er eit godt jordsmonn; Vest-Telemark er av dei rikaste folkemusikkdistrikta i landet. Så der er mykje å ta av.

Albumet "Heimafrå" inneheld nokon av desse songane, og kjem 1. mars. Turnéplanane byrjar å ta form – heile 100 stader i vårt langstrakte land, også dei utanfor allfarveg, vil bli vitja av spelemannen Odd saman med Ingebjørg - som med si særprega stemme av ein heilt spesiell kvalitet trollbind alle som kjem i hennar veg. Deg og.

Heimbygda Vinje er eit sjølvsagt val for turnéstarten 8. mars. Med seg på denne reisa har dei bassist Gjermund Silset. Og sin kjærleik til musik.

Biletter på nett.

www.heimafrå.HYPERLINK "http://www.heimafrå.no/"no / Facebook Heimafrå

Virker ikkje denne so finn du link www.haukly.net

Bilettsalget har starta Vi selger billettene via billettservice. Da kan de kjøpes via posten, narvesen, 7-11, på nett og via telefon
Vi sel ikkje biletter på Haukly
Kjøp deg billett no .

Arr Skjåstaddalen Frilynde Ungdomslag.

Laget skal sjå om det er mulig å sette opp båt frå Sæbø.