MS Hjørundfjord går frå kai på Sæbø kl 11.00 og tek turen inn til Bjørke.
 
Open handverkskafé på Bjørke kl 12.00-17.00
Sal av Rømegraut, kaffi og kaker.
For dei som vil bli med på kulturvandring vert det høve til å få seg graut kl 12.00 før vandringa startar.
 
Vi går kulturminneløypa kl 13.00
Start frå handverkskaféen.
Bli med på den 3-4 km lange guida vandringa rundt bygda.
Bjørke er full av segner og forteljingar heilt tilbake til vikingtida.
Mange kulturminne har blitt teke vare på og viser oss ei tid som har vore.
På vandringa får ein mellom anna sjå kvernhusrekka til Bjørkegardane, J-buda (den gamle butikken), notahuset, naustrekkja frå mellomalderen, Storfjorden kyrkje, Pillar Guri (verna telefonkiosk), Tingstova og Tuestova.
Arr: Naturfestivalen.
For meir informasjon om kulturminneløypa sjå også:
http://mrfylke.no/Morotur/Turer/Kulturminneloeypa-paa-Bjoerke
 
Etter vandringa vert det høve til å kjøpe kaffi, kaker og fine handverksprodukt på handverkskaféen.
 
Båt attende til Sæbø går frå Bjørke kl 17.00
 
Pris: Båttur tur/retur frå Sæbø kr 250,- per person; Guida tur i kulturminneløypa kr 50,- per person