tua1

Det vart ikkje så nøye opptalt, men 12 - 13 stykker var vi nok som starta frå parkeringsplassen på Hustadneset. Varmt og fint i veret, men med mørke truande skyer.

IMG_5665

I passeleg tempo ruslar vi oppover, nokre likar å gå fort, men dei er lydige og stoppar opp så alle får kvile innimellom.

tua2

Frå start og opp om dyrkamarka går vi på traktorveg, nokre fine kalvar er forskrekka over alt folket som er ute å fer.

IMG_5669IMG_5671

Her er vi komne opp til granskogen, råsa vidare er godt raudemerka og det brattaste og tyngste partiet kjem no. Det er berre å gå på!

tua5tua6

Etter granskogen krokar råsa seg fint gjennom frodig lauvskog. Her er mykje kjekke jenter og gutar som likar turar i skog og mark.

tua7

Irene, Laila, Monica, Haldis, Gunn, Ann Helene og Jonny.

tua11

Kvilepause ved mastene, no er den tyngste delen av turen unnagjort, resten er berre moro. Jonny, Gunn, Bente, Fred, Frøydis, Helga og Linda.

tua13 tua12

Vakker utsikt må forevigast.

tua14

Hilde får ikkje nok av Hjørundfjordfjella, utsikta må berre nytast.

tua15

Gunn med Bondalen i bakgrunnen.

tua16

Alle er framme og det er tid for å skrive seg i turboka, ha på varme kle og ta seg ein matbit. Tusen takk for ein triveleg tur ilag med ein super gjeng.

fellesbilde tua

Helga, Haldis, Ann Helene, Irene, Monica, Frøydis, Hilde, Laila, Fred, Linda, Jonny, Bente, Gunn.

Måndag 8. juli er vi klar for Klokkura og Tryvatna, vel møtt.