Overgongstur frå Sæbø- Holedalen- Nøvedalen- Standal.

Dette er ein lang flott tur som sjølvsagt er flottast i fint vêr.

Vi sjekka vêrmeldingane og dei sa mykje regn, 

Etter ein litt lunka "peptalk" på morgonen,

var vi i tvil om vi skulle satse på tur.

Vi vart einige om at vi prøvde, og skulle helder snu om det vart for gale.

001

Godt kledde for ei helder våt oppleving,

var vi 7 stk som optimistisk la i veg frå Heimsteholen.

Reidun, Siw, Kari, Haldis, Terje, Sunniva og meg: Bodil.

010

Vi kasta jakkene etter fem minutt, det var opplett og varmt.

Her stoppar vi og ser på utsikta nedover elva.

015

Ved elva under Årskogstøylen var det godt med drikke.

014

Sunniva fann ein liten frosk, kansje ein prins?

018

Ved boksa på Årskogstøylen var det skriving i boka.

008006

Desse to damene må nemnast spesiellt, svært spreke pensjonistar, lette på foten.

Reidun og Kari

019

Nedi dalen såg vi bygene, men vi var heldige og hadde opplett.

021

Bjønnahiet var tomt, kansje var bjønnen på bærtur?

027

På Høgereset var det sterk vind og regnet kom,

så vi sessa oss inne i hytta til Aklestad.

Tusen takk for husly, dette var godt.

Der kunne vi ete varmt og godt, skifte til tørre kle, og sitte godt.

029

Haldis skreiv eit flott stykkje i hytteboka.

028

Medan vi andre kosa oss med morellene ho hadde med.

030

Terje, Sunniva og eg var ei runde bortom Bjønnalauget.

Idyllisk som alltid.

036

Ferda gjekk vidare mot Nøvedalen.

Bodil og Siw med jakker, for no kom det litt duskregn.

033

Nedi Nøvedalen traff vi på to frå Bergen.

Desse to hadde starta i Barstavika, gått opp Molladalen over til Standal, og overnatta to neter i telt.

No var dei på veg til Hotell Sagafjord og så går ferda vidare til fots- til Bergen.

035

I himmelsjå på Høgereset ser du dei skriv seg i boka, god tur til desse to.

034

Dalen er lang og slakk, flott terreng å gå i.

040

Litt fotografering må til, her med Nonshornet i bakgrunnen.

043

Eit hurra for ein flott turgjeng, ved Grønevatnet.

039

Litt utfordring må ein ha, elvane var store,

så det gjeld å finne gode steinar å trakke på.

049

Ved Nøvedalselva måtte vi gå eit stykke oppover for å finne ein høveleg plass å krysse, men det gjekk bra.

046

Siste bilde frå Nøvedalen før vi startar mot Standal.

Bodil, Kari, Haldis, Reidun, Sunniva og Siw.

053

 Her er vi komne fram på kanten mot Standal, no ser vi fjorden.

No måtte vi kaste jakkene att, flott turvêr.

052

Litt sleipt somme stadar, men med slike spreke folk går det bra.

Nedover gjekk det radigt.

059

Flott rås gjennom småskogen.

056

Før vi visste ordet av det, var vi komne ned på skogsvegen

ved svingane til Standal.

Denne varianten av råsa er nymerka og svært lett å finne, god å gå.

060

Då var det siste biten på asfalt att mot Standal.

061

Når vi nerma oss fjorden kom ferga sigande.

Snakk om god "timing"!

063

Eit siste bilde før vi tok ferga på "Hjørundfjordruise"

tilbake til utgangspungtet- Sæbø.

Tusen takk for laget til ein svært triveleg turgjeng.

Vellukka tur på alle måtar, ja endåtil vêret.

jammen godt vi ikkje avlyste!

Det finnst ikkje dårleg vêr, berre dårleg kle!

Vel møtt til familieturen på fredag på Stokkesetra.