Køyrer du riksveg 655 frå Ørsta, vil denne fjellrekka openberre seg når du har passert Bondalseidet. Då veit du at du er på rett veg om du vil besøke den vesle tettstaden Sæbø. Sæbø ligg nederst i Bondalen, ved verdas vakraste fjord - Hjørundfjorden. Det tar ein knapp halvtime med bil frå Ørsta.

Hjørundfjordfjell

På Sæbø og i Bondalen kan du nyte late dagar, men her er og gode moglegheiter for den som vil utfalde seg på fjord og fjell.

Mot Leknes

Vinterstid kan her vere ganske kaldt og stille på Sæbø, men om våren livnar det til og om sommaren er livet berre herleg. Det er det mange som synest. Tar du deg ein tur vil du høyre framande språk og eit mangfald av dialektar. 

Det normale ville vel vere at turistane tok til å kome i mai, men hit kjem dei heile året. Området kan by på ein heilt fantastisk natur og unike moglegheiter også for dei som trivast med ski på beina.

Ørsta skisenter kan by på utfordrande løyper og har særs godt besøk kvar vinter.

http://www.orstaskisenter.no/

Blåfjellet

Nedkøyring frå Blåfjellet                                                          Foto: Jørund Mo

I øvre del av Bondalen ligg Rekkedal gjestehus. Er du ute etter ein særprega plass å feire dagar i lag med slekt og vener er dette staden. Det trivelege vertskapet har her skapt eit vakkert, gjennomført og prisbelønna konsept:

http://www.rekkedalgjestehus.no/#cid=1

Nederst i Bondalen kjem du til ein krapp venstresving ved båthamna og då er du på Sæbø.

Her munnar Bondalselva ut i Hjørundfjorden og ved dette vesle treffpunktet vert dagens laksefangst notert og diskutert.

Laksebørs

Sikkert ikkje lurt å uroe fiskarane som står midt uti elva i djup konsentrasjon, men ser du nokre karar stå og henge på Hustadbrua (til høgre for den krappe venstresvingen og til venstre i nedanståande bilete) er det garantert laks dei speider etter.

Bondalselva

Over brua finn du Bondalselva camping http://www.bondalselva-camp.no/booking.htm  og litt vidare utover til venstre ligg Hustadneset med fleire utleigehytter http://www.hustadnes-fjordhytter.no/.

Flott utsikt både ut og inn fjorden, her utover mot Trandal

Mot Trandal

På Trandal finn du eit vertshus heilt utanom det vanlege. Her arrangerer dei mellom anna store bluesfestivalar og countryfestivalar.

http://www.christian-gaard.no/

Tilbake i venstresvingen, på høgre side  ved hamna, finn du Sagafjord hotell. Hotellet er nyrenovert og ligg heilt ved sjøen. http://www.sagafjordhotel.no/  Kjem du sjøvegen har hotellet eigen hamn for båtar. Ein flott plass med særs godt kjøken.

Sagafjord

Dei har også ei eiga Facebook-side:

https://www.facebook.com/pages/Sagafjord-Hotel/327083630714916?fref=ts

Sjukeheimen

Frå hotellet kan du spasere på sjøpromenaden forbi sjukeheimen og bort til sentrum.

Om du i staden tar hovudvegen (Øyragata) ligg skule og idrettsanlegg på venstre side. Der ligg og Hjørundfjord camping med kveldsopen kiosk.

http://www.hjorundfjord-camping.no/index.html

Øyragata

Øyragata gjennom Sæbø tar ein krapp høgresving rundt det vi kallar Slettedalshjørnet. Her ligg Slettedal daglegvarebutikk (Joker) og her får du også kjøpe fiskekort og fiskeutstyr.

Tar du i staden til venstre på Slettedalshjørnet finn du den flotte kyrkja vår,  Hjørundfjord kyrkje. Vil du sjå nærare på den vil den halde kveldsope tysdagar og fredagar kl. 18.00 - 20.00 i sommar.

http://www.hjorundfjord.no/?komponent=artikkel&handling=les&artikkel=4121

Hjørundfjord kyrkje

Går du forbi kyrkja kan du gå den gamle grusvegen fram til Riise om du vil spasere deg ein tur.

Hvilebenk

I Sæbø sentrum kan du fleire stader finne ein liten plass for kvile.

Når du rundar Slettedalshjørnet er du i Sæbø sentrum. Nedafor Slettedal ligg endå ein daglegvarebutikk - Bellingen (NærButikken). Her finn du post i butikk og kan fylle drivstoff på bilen. Her kan du også få kjøpt kaffi og enkle varmrettar utpå dagen.

Både Slettedal og Belllingen held ope kvar dag i sommar, også søndagar.

Bellingen

Nedafor Belllingen ligg Hjørundfjorden og heilt på bryggekanten finn du Hjørundfjord Brygge.

 Hjørundfjord brygge

Her låg tidlegare samvirkelaget sin butikk på Sæbø, men no er det bygd om til utleigeleilegheiter. Fantastisk plassering.

http://hjørundfjordbrygge.no/

https://www.facebook.com/pages/Hj%C3%B8rundfjord-Brygge/377320418984389?fref=ts

Utover

Litt usikker på om dette er ei kanon og om den er retta mot noko eller nokon bestemt, men folk på Sæbø er stort sett fredelige. Den tar seg i alle fall godt ut nede på kaia. Til venstre i biletet går fjorden ut til Festøya.

Badestranda

Kreative detaljar frå brygga.

Vidare over plassen frå Hjørundfjord brygge ligg det gamle kommunehuset og den gamle Årseth-butikken.

No finn du Galleri Taklo i kommunehuset :  

    http://www.hjorundfjord.no/?komponent=artikkel&handling=les&artikkel=3410

Kontaktinformasjon og opningstider finn du på skiltet utafor galleriet.

I Årseth-butikken (Nils Haugen) ligg Nilsbuda, eit  utsal med lokalprodusert kunst og handverk.

https://www.facebook.com/#!/Nilsbuda

Dette er ein sommarbutikk og dei har ope kl. 11.00 - 16.00 kvar helg i juni, kvar dag i juli og kvar helg i august.

Nilsbuda

Her kan du nyte ei svele og ein kopp kaffi.  

Marius

Du kan og kjøpe med deg flotte gåver til deg sjølv eller andre.

 Nilsbuda

 Stort utval i trivelege lokaler.

Rosa            Blått

 Til små og større prinser og prinsesser

Hjørundfjord

På Nilsbuda finn du og bøker og filmar frå Hjørundfjord.

Trimgruppa i Sæbø I.L. har laga ei flott brosjyre med meir enn tretti turforslag frå Sæbø og Bondalen. Brosjyra får du (gratis) på Nilsbuda. Lette og meir krevande turar.

Om du vil følgje trimgruppa på tur har dei faste turdagar no i sommar, mandag og torsdag. Du er hjarteleg velkomen! Tid og stad finn du her:

http://www.hjorundfjord.no/?komponent=statisk&statisk_id=180

Fergekaia

Går du vidare forbi Nilsbuda kjem du til den nye fergekaia på Sæbø. Ny oppstillingsplass med flotte murar mot fjorden der den gamle kaia låg, og tydeleg avdeling mot vegen. No er det like før den er heilt ferdig og kaiområdet har fått ei flott oppgradering.

I  bygningane til venstre for kaiområdet ligg banken med minibank og Strands bakeri med nydeleg godt bakverk. No i sommar held bakeriet ope kvar dag - også søndagar.

http://www.hjorundfjord.no/?komponent=artikkel&handling=les&artikkel=4080

Skal du ta ferga finn du rutetidene her: http://www.fjord1.no/ferje/ruteoversikt-for-ferje/more-og-romsdal/lekneset-sabo-trandal-standal

Har du tid er det flott å vere med ferga på rundtur til Trandal, eller du kan reise over til Leknes og Øye der det erverdige Hotel Union Øye ligg.

http://www.unionoye.no/

Vidare kan du reise gjennom den ville Norangsdalen, der du kan sjå restar etter husa på sætra som ein gong låg der Lygnstøylvatnet ligg no. 

I enden av dalen ligg Villa Norangdal på Fivelstadhaugen.

http://www.norangdal.com/

Skulle du velje å bli verande på Sæbø, finn du denne nødvendigheita mellom Nilsbuda og banken:

Avtrede 

Vidare forbi fergekaia og naustrekka ligg Sæbø "beach". Her er det eit yrande liv på gode sommardagar.

Badestranda

 Flott badeplass også for små born, men omtrent der flåten ligg går det brått rett utfor til djup sjø (Marabakken)

Sommarlykke? Det er å liggje på stranda og tusle seg ein tur bort til Strands bakeri og kjøpe ferske Skulebollar eller Timper når ein vert svolten. Veit du ikkje kva ei Timpe er? Neivel, berre ein ting å gjere med det... men det nyttar ikkje å vente til like før dei stengjer, då er der tomt.

Grindløda i Kapteinskvia

Like oppom badestranda, i Kapteinskvia, har Sæbø grendalag fått opp eit grindbygg. Her kan ein søkje ly for sol eller regn. Eit flott dugnadsprosjekt som har gitt bygda ein flott samlingsplass, der alle rydder fint opp etter seg.

 http://www.morenytt.no/kultur/article7557425.ece

Nydeleg utsikt frå Kapteinskvia mot Stålberghornet og majestetiske Slogen:

Utsikt frå Kapteinskvia

Ein kan bli litt sliten av ein slik rundtur og då er det godt å kunne sette seg ned og berre nyte det ein ser rundt seg.

  Sveler og kaffi

Sæbø er ei perle ved Hjørundfjorden og flotte Sunnmørsalpar.  

 Ta deg ein tur - her er plass til deg og! 

Alle foto: Kari Stokke.