Årskogstøylen og Høgereset.

Fjorten stykke var vi som starta frå Holen, i varmt sommarvêr var det lett å gå.

005

Utsikta frå Heimsteholen mot Sæbø er flott,

Frøydis, Marit og Bente, tre stk. Skår er også eit flott syn.

006

Oppom ledet sto dei"gamle og fotalause" som hadde kjørt opp til enden av vegen.

Kjekt dei venta så kunne vi starte samla.

Hilde, Fred, Kanutte, Lasse, Kirsti og Kari.

008

Sola bryt gjennom i granskogen oppover mot Årskogstøylen.

009

Godt tempo oppetter skogsvegen.

011

Oppsamling i granskogen, Rolfen, Anette, Bente, Marit, Haldis, Kanutte, Kari, Kirsti, Monica, Hilde, Frøydis, Lasse og Fred.

012

Skogen gror fort att der det var snautt av fonna i vinteren 2012.

Vi stoppa likevel og ser på utsikta.

014

Marit, Kari, Anette, Bodil, Frøydis og Rolfen.

016

Blåbæelyngen er klar, no er det berre og plukke antiokydantar.

018

Ved elva under Årskogstøylen er det fast rituale å fylle drikkeflaskene.

Eg vil påstå at betre vatn finn du ikkje.

020

Doggande iskald flaske med ferskt godt fjellvatn.

022

Ei lita pause, Fred, Monica og Frøydis.

023

Marit, Hilde og kanutte.

024

Bente kosar seg med iskald drikke.

026

Så er det på`an i gjen, Haldis startar ferien med ein fjelltur, sprekt!

027

Anette plukkar litt bær.

Landskapet nedover elva er framleis forandra etter fonna.

028

Neste stopp er Årskogstøylen ved turboksa.

030

Vi traff Vidar Holen med familien, dei hadde fiska kreder i Nøvedalen. 

029

Flotte eksemplar!

Her vert det fest til kveldsmat.

031

Ferda vår gjekk vidare opp over mot Høgereset.

Som perler på ei snor.

033

Ved elva må vi ha ny drikke pause, for det er (heldigvis) varmt.

Anette, Monica, Kanutte og Kari.

034

Litt prat om fjell og turar, Fred, Frøydis, Kirsti, Hilde og Lasse.

037

Vidare oppover Lissjedalen med Lissjedalstindane i bakgunnen.

038

Her ser vi nedover Holedalen.

040

Snart oppe, Høgereset i himmelsjå.

041

Anette dukkar oppover steingarden på Høgereset, siste flokken kjem like bak der.

046

Så det beste!

Eit svalande bad i Bjønnalauget.

Kanutte, Lasse og Bodil.

Monica og Rolfen bada og, men kom seg ikkje med på bildet.

050

Fellesbilde i sol på Høgereset!

Kari, Marit, Hilde, Bente, Fred, Kanutte, Frøydis, Haldis, Monica, kirsti, Anette, Lasse, Bodil og Rolfen.

052

Desverre har alt ein ende, vi måtte rusle nedatt til bygda att.

Tusen takk for laget på ein flott tur.

Torsdag er det tur på Eitrefjellet og Valsetheida, oppmøte på parkeringa til skisenteret.

Vel møtt!