I programmet er det noko for alle, anten du vil ha deg ein koseleg spasertur og sjå på alle dei flotte handverksutsala, kunstutstillinga i Bakketunet, eller handle antikvitetar og kose deg med kaffi og kaker på dei mange små kafeeane rundt i bygda.

For dei aktive er det guida fjellturar, rebusløp og gardsbesøk, eller kva med å ta seg ein svingom til fengande spelemannsmusikk eller livleg utedans på marinaen? Det er vel verdt å ta seg ein tur til Bjørke denne helga. Treng du overnatting eller båtplass er det også tilgjengeleg. Detaljar om programmet og meir informasjon kan ein finne på

Facebook: https://www.facebook.com/events/166434056838552/,
på plakatar i nærmiljøet, eller i lokalavisa veka før.

Bjørkebygda gleder seg til storinnrykk denne helga, og håper alle gjestane får ei triveleg og minneverdig oppleving som innbyr til fleire besøk.

Nokre smakebitar frå programmet:

Eid Spelemannslag

Fredag inviterer Eid Spelemannslag til ein stemningsfull sommarkveld ved fjorden. Tonar frå trekkspel og feler skapar fin stemning for å ta seg ein dans, eller berre høyre på musikken og nyte ein kaffekopp med noko attåt. Eid Spelemannslag spelar både gammaldans og meir moderne rytmer, og er kjende for den gode stemninga dei skapar, for den fengande musikken og den gode rytmen. Laget gav også sist vinter ut ei plate, og er eit mykje brukt gamaldansorkester i lokalmiljøet. Bruk denne fredagskvelden ute i naturen ved det velbrukte og nostalgiske Notanaustet på Bjørke.

https://www.facebook.com/pages/Eid-Spelemannslag/102554469915277

eid spele 1

Guida fjellturar med Tind & Tare

Laurdag inviterer Tind & Tare på topptur til Kjerringkjeften, ein av dei karakteristiske toppane rundt Bjørke. Ein middels tung topptur som tek 2-3 timar kvar veg, frå 280 til 1028 m.o.h. Turen startar på nyrydda rås gjennom skogen over Finnes, inn i Russadalen og vidare til toppen av Kjerringkjeften. Oppmøte ved Finnesvågen kl 10.

Søndagen er det tur til Tyssedalen, eit storslått turmål omkransa av høge og mektige fjell. Dette er ein middels tung tur til 680 m.o.h på omlag to timar kvar veg, som kan passe for dei fleste i grei form. Turen startar frå Mork Antikk kl 11, og går på skogsveg opp mot Åsen og vidare på godt merka rås til Tyssedalen.

Det er anbefalt for begge turane å ha godt med niste, solide sko og varme klede. Påmelding og meir informasjon om turane kan ein finne på Tind & Tare si Facebook-side, eller ved ein telefon til fjellguide Hildegunn Mork, 916 88 381.

https://www.facebook.com/TindogTare

tussedalen 2

Stryn og Hornindal Jeger og Sportsfiskarlag

Stryn og Hornindal Jeger og Sportsfiskarlag skal ha stand med fiske og friluftsaktivitetar begge dagane.

http://www.njff.no/portal/page/portal/sogn_og_fjordane/lokallag/stryn_og_hornindal

Mork Antikk

Både laurdag og søndag kan du gå innom Mork Antikk på Åkre, der interiørdesigner Ole Jørgen Mork har låven full av gamle skattar og raritetar - frå det finaste porselen til bondeantikvitetar, klokker, reiskaper, møblar, og nostalgiske minner i alle prisklasser. Nytt av året er Mork sine egendesigna tolleknivar med beisa bjørkeskjefte, kvar og ein heilt unike i form og farge og med handlaga sølvbeslåtte slirer.

048

Erketausene på Åkre: Handarbeidutsal

På Åkre har tekstilkreatørane Lappelina og Kvardagsenglar m/venner ei variert og rikhaldig salsutstilling. Alt er handlaga og egendesigna av systrene Haddal m/familie, som lagar både klede og interiørartiklar. Her finn du mellom anna unike kjolar, vesker, huer og vottar, sitteunderlag, notatbøker, korger, puter, saueskinn, dekorasjonar og mykje meir.

Lappelina på nett:

http://epla.no/shops/lappelina/

https://www.facebook.com/Lappelina

Kvardagsenglar på nett:

http://epla.no/shops/kvardagsenglar/

https://www.facebook.com/kvardagsenglar

199684_457188674303974_1413370168_n

19398_398618326898003_265893926_n

Postkjellaren Tekstil og Nostalgi

I Postkjellaren finn du ei spanande post- og telegrafutstilling frå seint på 1800-talet fram til 1950-åra. I tillegg sel Alvhild Bjørke Strømme sine tekstilprodukt som i stor grad er basert på gjenbruk. Gamle og brukte tekstilar som sengetøy, dukar og gardiner får nytt liv i form av unike og makelause barnekle, puter, vesker, m.m. Postkjellaren held til lokala til det nedlagte postkontoret på Bjørke, nær kyrkja. Her blir det også sal av kaker og kaffi på den koselege terrasen med utsikt over fjorden.

http://postkjellaren.blogspot.no/

039

Opa systove hos Fru My

I systova hos Fru My på Rørstad blir det utsal av tekstilprodukt, med ekstra gode tilbod denne helga. Hyllene skal tømast, så her blir det sjangse til å gjere eit kupp! Fru My lagar mellom anna kjolar og vesker i herlege fargar og stoff.

http://fru-my.blogspot.no/

Fru My 1

 

Kunst og handverkskafe på bedehuset

Kunst og handverkskafeen ved den gamle naustrekka på Bjørke byr på nytrekt kaffe, heimebaka kaker, nysteikte vafler og sveler. Denne laurdagen blir det også sal av rjomegraut. Kafeen har godt med sitteplassar både ute og inne. Her kan du handle mange fine handverksprodukt, alt frå kjolar,  tekstilarbeid, sølv- og glassmykker, tova huer og vottar, heimebaka flatbrød og lefser m.m.

rotsethornet_com1

Open gard hos Maria i Skjåstaddalen

Maria bur på heimgarden i Skjåstaddalen, ho er utdanna barnevernspedagog og arbeidar mykje med samspel mellom dyr og menneske. Sitt daglege virke har ho heime på garden der ho driv eit ”Inn på Tunet” tilbod. Laurdag opnar ho tunet for alle som vil komme på ei hyggjeleg gardsoppleving. Her kan du helse på mange ulike dyr inne og ute, køyre hest, kjøpe deg noko å bite i, delta på ulike leikar og konkurransar for store og små.

https://www.facebook.com/miiamora?fref=ts

970809_10151655975390185_138327070_n

 

Bakketunet: Utstillingsopning ”Blood, Milk & Honey”

Sommarsesongen i Bakketunet opnar laurdag 22. juni med utstillinga ”BLOOD, MILK & HONEY - a tribute to the art of motherhood”,  med trekløveret Camilla Prytz, Mia Gjerdrum Helgesen og Gro Mukta Holter. Kunstnarane tek opp tematikken kring ulike morsroller.

- Kvinnene har i stor grad vore med på å forme Bakketunet, og eg håpar at tematikken i utstillinga opnar opp for ein dialog mellom tid og stad, seier Marita Bett Jensen som driv Sunnmøres eldste gardstun. Måleri, grafikk, teikningar og smykkekunst blir integrert i tunet sine mange rom, og kontrastane blir difor store når samtidskunst møter veggar som allereie fortel ei historie.

Som tidlegare år er det mogleg å nyte herlege kaker i det gamle tunet, og på utekjøkenet blir det middagsservering.

http://www.bakketunet.com/

forside_forslag_1

Kafficupping

Kafficupping, eller kaffismaking som det heiter på godt norsk, er noko av det ein kan vere med på i Bakketunet denne helga. Både laurdag og søndag er du invitert til ei  ”mørk” oppleving i den minste røykstova, der smak og aroma står i fokus. Det er Nina Viddal som tek deg med på ei sjeldan smaksoppleving, der du får smake på kaffi laga på ulikt vis. For som ein smakar på vin, smakar ein på kaffi!  

http://www.bakketunet.com/nyhende/full/kafficupping

nina

 

Dr. Doc spelar opp til dans

Laurdag kveld arrangerer Bjørke Marina dans med Dr. Doc, eit band beståande av rutinerte musikara med lang fartstid. Dr. Doc har med seg Tone Vik på vokal, kjent frå Twilight, som i si tid var eit av dei mest brukte banda her på vestlandet. Dr. Doc og Tone sitt allsidige reportuar inneheld kjende og kjære coverlåtar med hovudtyngda frå norske artistar. Vi kan nemne Rita Eriksen, Henning Kvitnes, Prima Vera, Marius Muller, Hellbillies, Vassendgutane og fleire. Her blir det garantert rykningar i dansefoten, allsong og god feststemning. Sal av øl og vin.

http://drdoc.no/

Framsida_billboard_medium

 

Rebusløp for store og små

Bjørke Idrettslag arrangerar søndag rebusløp med quizpostar. Start og mål er ved bassenget og lengda er ca 3 km. Det er ingen startkontingent og det vert diplom til alle deltakarar.

 

Jonsokfeiring på Haukly

Søndag ettermiddag vert det jonsokfeiring av den gode gamle sorten ved ungdomshuset Haukly. Frå kl 16 kan du kjøpe rjomegraut, og det vert underhaldning og bålbrenning frå kl 18 og utover.

 

Overnatting og praktiske tips:

Bjørke Vandreheim og Camping. Tlf  971 06 481.

Bjørke Fjordtell, Rom med frokost. Tlf 90 15 14 47.

Båtplass: Bjørke Marina. http://www.bjorkemarina.no/

Det er begrensa tilgong til kortbetaling på Bjørke, så ta gjerne med kontantar.  

***