Første stopp vart på Ospehauen.Jonny tek seg ein kvil og høyrer kor ospelaua susar.
Me går i samla flokk og humøret er sjølvsagt på topp :)
neste kvild...under store grana.
Om nokon skulle lure så er det ganske bratt, men med god prat og godt humør blir det berre kjekt. Den store gevinsten ventar oppe.
Vi hadde selskap av desse heile vegen opp.
Flotte skilt laga av Sverre Magnus Myrtveit. Vi i trimgruppa meinar at det er veldig viktig å merke desse gamle stadsplassane. Ellers hadde det nok gått i gløymeboka...
Lang lang rekke :)
Oppe på Skaret er det grønt og frodig. Om ein vil ta seg ein tur så er der også flatt nok til å sette opp telt.
Øvste Skaret.
Nokon som har gløymt spada si?
Her løyser ein verdensproblem...og sjølvsagt fotografera.
Det nermar seg toppen :)
DER JA !!!
ekje noko å seie på utsikta både ut fjorden...
Sæbø sentrum og fram dalen
og ikkje minst ...inn fjorden.
Heidi, Elisabeth og Ingvild.
Det obligatoriske fellesbildet. Helga,Lavin,Kanutte,Heidi,Hilde,Elisabeth,Gunn,Frøydis,Ingvild,Oddbjørg,Jonny,Unni,
Ola,Irene,Bodil og Fred.
Til slutt vil vi ønske dinna spreke,kjekke og blide dama god ferie :) Du er super som guide på turane våra!
Neste tur blir Gunnar-råsa/Åse-råsa på mandag 1 juli.Vel Møtt!
Takk for turen og HUSK ein angrar aldri på ein tur :)
Kommentarar