Raftevold`s Hotell.
Med buss frå sparebanken tok fyrste etasje laust
med festpynta damer og ein herre.
Turen gjekk gjennom Norangsdalen til...
Middag var bestillt, så til Grodås bar det.
Her er det samling i finevêret utanfor Raftevold.
Det var finevêr inni "Honnjdala" med så det var flott å sitte litt ute og nyte det.
Sigrunn, Karoline og Margit.
Tordis og Hildur strålar i kapp med sola.
Johanne og Elsie ved det "runde" bord.
Ragnvald var den einaste karen i fyljet, men det gjekk bra med slike trivelege damer rundt seg.
Kirsten, Borghild, Marie, Oddny, Sigrunn, Karoline og Margit.
Ragnvald, Borghild og Kirsten.
Elsie trudde trolla var i eventyra, men så var dette nesten eit eventyrhotell.
Randi hjelper damene til bords.
Kvite dukar og staseleg stemning, skapar forventingar om god mat.
So kom middagen på bordet, Jofrid, Sigrunn og Marie gler seg over kjøttkaker med tilbehør.
Borghild synest det var enorme porsjonar.
Med tyttebærsylte sjølvsagt.
Kirsten, Karen og Ragnvald likte maten svært godt.
Mari-Anne og Hildur likeeins.
Johanne syntest det var fantastisk.
Mette og gode sit Marie, Odny og Karoline og let maten sekke.
Margit, Jofrid og Sigrunn.
Soft-is til dessert, Tordis var imponert.
Kaffi og dessert smakte godt attpå middagen.
Odny og Karoline.
Margit og Jofrid.
Marie og Oddny, bak ser vi ein av servitørane som gjorde dagen for oss.
Mette på god mat og opplevingar tok vi plass i bussen.
Då vart det tur gjennom Kviven heimatt.
Ei triveleg oppleving for alle som var med.
Tusen takk til Randi og Mari -Anne som var meisterane bak denne opplevinga.
Kommentarar