Denne spreke gjengen let seg ikkje stoppe av litt nedbør. Iført gode klede, møttest vi ved skiltet i svingen på Hustad klare til tur.
Helga, Rolf, Marit, Ingebjørg, Jorunn, Ståle, Ann Helene, Gry, Fred og dagens fotograf Monica.
Oppover skogsvegen bar det, her eit lite stopp ved steinen med bokstavar på.
Her er vi komt til enden på vegen.
Det renn friskt og godt vatn i "skjenkerett"-bekken, og Monica får fyllt opp flaska si. Og hjulet på Kvennakallen ved Mikkjelskogen kraftverk hadde nok vatn til å gå rundt i dag også.
Eit lite stopp, og bilde ved St. Olavsportalen.
Då vi kom opp på Lissjesætra, sat Kari og smilte og venta på oss.
Så då vart vi 11 stk i fylgje vidare oppover.
Utsikta manglar, men eit bilde av gjengen på Lissjesætra må vi ha.
Oppover råsa bar det, i jamt og trutt tempo. Jorunn, Gry, Rolf og Marit.
Og brått var vi oppe på kanten.
Her er det Helga som skriv seg inn i turboka, Jorunn, Gry og Rolf ventar på tur.
Det var ein optimistisk gjeng som gjekk utover mot Utsikten....
Fred hadde tatt med seg pussemiddel og svamp for å pusse fjellplata, som han har laga.
Det måtte vere eit magisk pussemiddel dette, for Fred greidde forsyne meg og pusse vekk skodda også! Og vi kunne likevel få nyte den flotte utsikta over Sæbø og den vakren fjorden vår.
Og sjå berre her kor blank og fin fjellplata vart!
Utsikten har også fått seg nytt flagg og flaggstong. Fred har gjort skikkelig godt arbeid, så denne kjem til å stå i mange, mange år.
Fellesbilde på Utsikten. Ingebjørg, Kari, Helga, Jorunn, Ståle, Gry, Ann Helene, Rolf, Marit, Monica og Fred.
Vi gjekk sjølvsagt ein tur bortom Hellaren også. Og alle var inn for å skrive seg i boka der også.
Her er det Ingebjørg og Ståle som skriv.
Etter besøket på Hellaren, vende vi dei våte nasene våra nedover igjen.
På nedoverturen fekk vi sjå utsikta på Lissjesætra også.
Rolf og Marit.
Sjølv om det vart litt vått i dag, var vi alle samde om
at det vart ein gild tur, med flott utsikt!!
Takk for laget!
Neste mandag vert det tur til Grøthaugen.
VEL MØTT!
Kommentarar
Gled meg til neste måndag.
Alltid plass til fleire, ingen unnskyldning til å la vere å delta.
Best av alt det er GRATIS!