Kisteveite Sæbø 004 copy
Er det nokon som kjenner historia til denne kisteveita på Sæbø? I tillegg til den fint mura veita, ser vi Torbjørn Riise (t.v.) og Kjell Otto Holen.

I det siste har Torbjørn Riise og Kjell Otto Holen i Holen Sand og Grustak AS jobba frå tidleg morgon til seine kvelden med det som heilt sikkert vert ein flott oppstillingsplass for bilane som skal vere med ferja på Hjørundfjorden.  Dei må nemleg verte ferdige til fyrstkomande måndag for då skal asfalten leggast.

Men så har det som nærast må kallast eit kulturminne, dukka opp.  Dei har kome ned på ei fint mura kisteveite, dvs. at det også er stein/heller i botnen på veita.  Og veita er laga så stor at det er tydeleg at ho har transportert mykje vatn.

Kisteveite Sæbø 002 copy
Som vi ser er det ei stor og fint mura kisteveite som igjen vert liggande under asfalt på Sæbø.

Det kan hende at veita kjem frå ein stad langt framme - framom kyrkjegarden for den del, men Kjell Otto veit i alle fall at ho går fram til det nordvestlege hjørnet på huset til Elisabeth og Normann Dimmen.  Og var det ikkje her Frølandsbuda stod ein gong i tida?  Kan veita kome frå dette huset?  Her treng vi opplysningar.  Er det nokon som kan hjelpe?

Sandvikfjøra mot Sæbø skarpa_1
Her ser vi Frølandsbuda i underkant omtrent midt på biletet?  Kan ho ha noko med den fine kisteveita å gjere?  Foto utlånt av Ivar Svein Mo