Etter Hjørundfjorddagane 2013 har det vore to oppsummeringsmøter/ planleggingsmøter. det første møtet berre for nemndene i årets Hjørundfjorddagar og det andre for alle. Dessverre så var det dårleg oppmøte, 3 stk, utanom dei som sat i nemnda og leiar i Sæbø IL Møtte. Men vi som var tilstades fekk diskutert mykje, både det som var positivt og negativt med årets dagar.

I år var det ca 290 vakter fordelt på alt frå grillbud, parkeringsvakt, kakebakar, ryddehjelp osv,  i tillegg kjem dei i hovudnemnda,matnemnda og dei som deltok på scena. Tusen takk til alle som var med på å gjennomføre Hjørundfjorddagane 2013. Rekneskapet for årets dagar er ikkje ferdig men nemnda antyder eit overskot på ca 100 000,- .

Ein slit med konkurerandes arrangement, det er noko som skjer heile tida. Dette gjer at ein må marknadsføre seg godt og tidleg, slik at folk ikkje gløymer Hjørundfjorddagane. det var også snakka om billettar og billettprisar og kva ein kan gjere for å få fleire folk til å kome begge dagane, helgapass? 

Desse forslaga vart lagt fram for styret i Sæbø IL:

- at ein arrangerer Hjørundfjorddagar 2014 i pinsa, dvs 7. og 8. juni.

- at ein sjekkar opp kostnader og potensielle inntekter på å arrangere dans, gjerne med bobilcamp.

Og styret i Sæbø IL bestemte at Hjørundfjorddagane 2014 vert arrangert 7. og 8. juni på skuleplassen, og at det vert eit liknande arrangement som alle andre år. Men at ein utredar kva kostnader/ inntekter/ arbeid som ligg bak eit stort dansearrangement. Her håper vi at nokon som har litt meir kunnskap/ interesse for dans kan hjelpe til. Ta kontakt med Sæbø IL på saboidrettslag@gmail.com. Det vart også bestemt at ein må få på plass ei betre rulleringsordning på nemnda. Supert at folk vil vere med eit år til, men vi må organisere nemnda betre slik at nokon går ut kvart år og nye kjem inn. Slik ein gjorde tidlegare år.

Nemnd for Hjørundfjordagane 2014 er: Anette Dagfinnrud, Gunhild Hustadnes Myrhol, Åse Lill Leknes(Kvistad?), Anne Fride Guldbrandsen, Eldbjørg Tvergrov og minst ein person til, helst ein mann.

For Sæbø IL